Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Det er tørke i Europa. Me står på tampen av to år med pandemi. Det er krig i nabolaget vårt. Dei globale matvareprisane aukar kraftig. \n\nMed dette bakteppet: Kan me i Norge slutte å bruka matjorda vår til å bygge boliger og industri? Berre 3 % av arealet i Norge er slik at me kan dyrke mat. \n\nRegjeringsplattforma har gode og konkrete mål om jordvern som stortinget har slutta seg til. No står jobben med å gjennomføra det att. \n\nMatjord er ein nasjonal ressurs som må forvaltast nasjonalt. Det betyr ei omlegging der det vert slutt på at ein lokalt kan ofre noko matjord her og noko der til ymse gode formål. \n\nBerre i Rogaland er det planar om å bygga ned meir enn 20 000 dekar matjord. Dei planane må - i lys av den globale matvarekrisa - endrast. \n\nBilete er frå Vagle i Sandnes. Her har ein av matvarekjedane våre planar om å bygge eit stort lager. \n\nDet går eit klart politisk skille på Stortinget når det kjem til å ta vare på matjorda og satse på beredskap. Det er Høgre og Frp som er lite opptekne av det på eine sida og resten av partia som kjempar om å vera mest mogleg for matjord på andre sida. \n\nEin må ta upopulære val for å nå dette målet, men etter mitt syn har me ei plikt til å gjera dette. Ingen regjering har hatt meir offensive mål for matjord og beredskap enn dagens - og eg gler meg til å gjennomføra politikken.
Postet:
2022-07-18 10:10:25
Delt innhold: