Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eg har vore i Sverige på handletur. \n\nBakgrunnen var at eg 1. juli var i ein debatt om matvarepriser på Dagsnytt 18. Her var dei tre kjedene våre i fellesskap representert ved organisasjonen Virke. \n\nDet fyrste argumentet dei nytta for å forklare prisveksten var jordbruksoppgjeret. Sanninga er at jordbruksoppgjeret no bidreg til ein lågare vekst i matvareprisane enn det me ser i andre land. \n\nMen kva med dei varene som ikkje er produsert av bønder i Norge eller Sverige? Korleis står det til med forskjellane der? Det utløyste tur til Sverige for å finne ut. \n\nPå handlelista hos Nordby supermarked stod det mellom anna kaffi, te, avokado, epler, ananas, bønner, nacho, rosiner og andre importerte varer. Dei same/tilsvarande varer vart handla hos Mega Storo. \n\nHandlekorga kosta 231 NOK i Sverige og 406 NOK i Norge. Ein ganske heftig prisforskjell - som i alle fall ikkje norske bønder har skulda for. \n\nDette viser at det er heilt rett når regjeringa no har gira opp arbeidet med å ta tak dagligvarebransjen si makt. \n\nNettavisen har laget sak om handleturen: \n\nhttps://www.nettavisen.no/okonomi/forlanger-svar-fra-dagligvarebutikkene-enormt-store-prisforskjeller/s/5-95-570572\n\nEg dømmer ingen ut frå kor dei handlar. For min eigen del var det ubehageleg å gå i butikken i Sverige og lesse varer i kurva, sidan eg har vore ganske høg og mørk om kor viktig det er å handle i Norge. Kunne jo risikert: «Sp-politikar på harryhandel» eller kanskje til og med «Sp-topp svikter norske avocado-bønder»\n\nI saka i Nettavisa svarer Coop ut: Og ikkje overraskande så meiner dei det er eg som er problemet: - Eg har handla feil varer i feil type butikk.\n\nDet er mykje bra folk som jobber i eller driv dagligvarebutikk i Norge. Min kritikk er ikkje retta mot dei. Problemet er at kjedane tek til seg stadig meir makt og det går ut over både kunder og matprodusenter - for det er ikkje slik at bonden som produserer ananasen, avokadoen, teen eller kaffien får større inntekt frå produkt solgt i Norge.

Postet:
2022-07-16 09:04:26

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post