Person / Aktør:
Hadia Tajik
Hadia Tajik
Parti: AP

Innlegg:
Thorvald Stoltenberg var eit uvanleg flott menneske. Eg har alltid tenkt at det fins få av hans kaliber. No har me mista han. For arbeiderrørsla har han vore ein viktig politikar som har vist mykje klokskap og varme i møte med folk, og i måten han har utøvd og utvikla politikk på. Me er takksame for at han gav av seg sjølv til det siste. Mange opplevde at han var der for dei, gav råd og delte livserfaring. Thorvald hadde alltid tid til folk. Han har lagt igjen spor av seg sjølv på ein rekke politikkområder, ikkje minst i ein meir menneskeleg ruspolitikk. Han vil verte djupt sakna. Tankane går til familien.

Postet:
2018-07-13 15:36:41