Person / Aktør:
Klima- og miljødepartementet (Norge)
Klima- og miljødepartementet (Norge)

Innlegg:
Eikesdalen i Møre og Romsdal er nytt utvald kulturlandskap i 2022 \n\nEikesdalen blir rekna for å vere ein av dei mest storslåtte dalane i Romsdal. Dette er truleg eit av dei første områda i landet med busetnad. Her kom det menneske for over 11.000 år sidan. \n\n- Dette kulturlandskapet, der gjenstandsfunn tyder på kontinuitet i busetjing og jordbruk heilt tilbake til yngre steinalder, er eit godt døme på korleis vi har tilpassa oss endringar i klima, teknologi og kultur, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.\n\nUtvalde kulturlandskap i jordbruket er ei samling av særs verdifulle kulturlandskap i Noreg, som vert støtta gjennom ei felles tilskotsordning mellom landbruks- og miljøforvaltninga. Les meir om Eikesdalen: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/eikesdalen-i-more-og-romsdal-nytt-utvald-kulturlandskap-i-2022/id2922161/

Postet:
2022-07-11 14:36:33

Delt innhold:
Klima- og miljødepartementet (Norge)-এর পোস্ট করা ফটো