Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Reisebrev frå Nord, episode 1 (av 3): Kautokeino\n\nDenne veka har eg gjort noko eg har hatt lyst til lenge som fersk stortingsrepresentant: Bli betre kjend i Finnmark og Troms – og «ta pulsen» på litt av det som rører seg i nord. Ikkje minst er det viktig i den nye tida etter Russlands angrepskrig på Ukraina, der vi både må bryte dei økonomiske banda med Putin sitt diktatur-regime, og samtidig sørge for levedyktige, framtidsretta samfunn i den delen av Noreg som ligg nærast Russland.\n\nMi reise (og det blir ikkje den siste i nord!) starta i Kautokeino, saman med fylkesleiar Irene dahl i Troms og Finnmark Venstre, og Venstres fylkestingsrepresentant og Alta-politikar Trine Noodt.\n\nGuovdageainnu suohkan/Kautokeino kommune er landets største kommune i areal, og unik i Noreg ved å vere eit samfunn der norsk ikkje er hovudspråk. I Kautokeino har 90% nord-samisk som førstespråk. Som norsktalande er du i praksis minoritet i eige land (sjølv om alle snakkar norsk i tillegg til samisk). Dermed er også Kautokeino eit kraftsenter for samisk kultur, språk og samfunnsliv. Her ligg m a Samisk Høgskule, Samisk Teater og Samisk Filminstitutt.\n\nVi besøkte det boblande, kreative miljøet på International Sámi Film Institute, som no med den største sjølvfølge og herleg sjølvtillit erobrar verda. Samiske filmproduksjonar med utspring i dette miljøet går verda rundt på filmfestivalar, og trekk til seg toppfolk frå film- og TV-selskap frå heile verda. Nyleg vart sjefen for Samisk Filminstitutt, Anne Lajla Utsi, vald til medlem i Oscar-akademiet. Som vår vert på Samisk Filminstutt, Lisa Marie Kristensen, sa det: Som samisk kunstnar kan det ofte vere lettare å bli anerkjent for det du gjer ute i verda enn i ditt eige land, der du nesten automatisk blir sett på som ein «sær etnisk minoritet». \n\nTankevekkande – og supert at vi no har fått eit kunstmiljø i Kautokeino som rett og slett gir ein god beng i slike fordommar, og operer på den internasjonale filmscena.\n\nVi møtte også Ann Catharina Lango, som er sjef for næringsutviklingsselskapet Ovddos i Kautokeino. Ho jobbar med noko som er tidlaust og stadlaust viktig overalt i distrikts-Noreg: Gründer-hjelp og nyskaping, nye bedrifter og nye næringar (og har dermed naturleg nok også vore aktiv i lokalpolitikken for Venstre).\n\nIkkje minst er nyskaping viktig i ein kommune der reindrifta i dag er ei så dominerande næring – og mulighetene innanfor m a andre naturbaserte næringar, reiseliv og kulturnæringsliv er så store. Og så var det super-interessant å høyre fortelje om korleis det er å vere ung kvinne i ein reindriftsfamilie – der ho parallelt med sin næringsutviklingsjobb eig sine eigne reinsdyr, deltar i den store «familiebedrifta» som reinsdrifta er – og har ei fot både i «vår vanlege norske verd» og den heilt spesielle kulturen og tradisjonane som enno pregar reindrifta i Kautokeino.\n\nNeste stopp i Kautokeino var rett og slett eit minne for livet – og for meg i min litt pinlege uvitenheit ei oppvakning på kva skattar dette landet enno gøymer. Heilt for seg sjølv på ein liten ås ovanfor Kautokeino sentrum ligg eit skjult «eventyrslott»: Juhls' Silvergallery.\n\nHit kom ein ung dansk eventyrar og ei tysk jente – kvar for seg – på slutten av 1950-talet, for å utforske det sangomsuste «samelandet». Dei møtte kvarandre, fall for kvarandre – og eit eventyr som varer enno tok til. Frank Juhls og Regine oppdaga den spesielle samiske sølvsmykke-tradisjonen, og tok han inn i ei ny tid. Dei bygde opp Juhls sølvsmie til å bli eit makelaust design- og kultursenter, laga smykkekolleksjonar inspirert av samisk tradisjon – og skapte rett og slett noko det ikkje finst maken til nokon plass i verda.\n\nÅ kome inn i Juhls sølvsmie er rett og slett å kome inn i ei eventyrverd – i rom etter rom fylt av unik arktitektur, kunst og design – samisk, nordisk og orientalsk om kvarandre. Og det mest fantastiske av alt: Enno – 63 år etter at ho kom – står Regine Juhls enno i ei gardintrapp inne i galleriet dag ut og dag inn og arbeider med sitt livs storverk: Ein enorm veggmosaikk om universet, naturen og menneska. Ho har arbeidd med mosaikken i 30 år – ho har inne i hovudet sitt korleis alt skal bli, men enno står nesten halvparten att. No arbeider ho i sitt 84. år hardare enn nokon gong for å sluttføre sitt store livsverk medan ho enno har helsa – samtidig som ho venleg tar imot besøkande frå heile verda. Dottera Sunniva Juhls har tatt over sjølve drifta av sølvsmia – enno blir alt Juhls produserer laga på sølvsmia i Kautokeino, og utviklar seg stadig. Ein skatt – og åleine verdt den lange turen til Kautokeino. Synet av Regine oppe i gardintrappa i arbeid med den enorme mosaikken vil eg aldri gløyme.\n\nEtter dette var det flott å «roe ned» med å møte ein del av folka i Kautokeino Venstre til bålkaffi i lavvoen på Kautokeino Camping, og påfølgjande reinsdyr-middag. Venstre står sterkt i Kautokeino, og har også ein drivande dyktig og entusiastisk varaordførar her: Isak Ole J Hætta. Venstre-folka i Kautokeino er spenn klare for nytt lokalval i 2023 – og eg skal gjere mitt for å backe dei opp frå min ståstad på Stortinget!

Postet:
2022-07-07 17:06:47

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post