Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Reisebrev frå Nord, del 2 (av 3): Alta\n\nNår vi høyrer om Finnmark, er det ofte om folketalsnedgang, pessimisme og krise. Slik er det ikkje i Alta kommune. Alta er Finnmarks-byen som verkeleg får det til. Her veks folketalet (no 22.000!), næringslivet går så det susar – og du finn den herlege, positive «driven» og energien til å sjå framover som er nøkkelen til framtida i distrikts-Noreg.\n\nI Alta går det i 100 – ikkje minst når du har sjef i Alta Venstre, Trine Noodt som guide. Vi var på bedriftsbesøk til tre av dei mange vekstbedriftene i Alta, besøkte Nord-Europas største helleristingsfelt og Alta Museum – og avslutta med å møte ein flott gjeng Venstre-folk i Alta til middag og peptalk om lokalvalet 2023 og samarbeid vidare.\n\nArges AS blei starta av ein driftig grunder i Alta i 1992, og er i dag landets leiande produsent av rørsystem for fiskeoppdretts-anlegg – ein stor og veksande bransje. No girar dei om til grønt: Dei har utvikla ny teknologi som gjer at dei kan samle inn og gjenvinne all plasten dei brukar i sine rørsystem og bruke plasten på nytt – slik framtidas sirkulære økonomi vil stille krav om.\n\nAvju Solutions er eit ypperleg døme på den nye generasjonen av avanserte tech-bedrifter som veks fram over heile landet: Dei utviklar robot-teknologi for å overvake kraftlinjer og fjerne snø, is og vibrasjonar som truar straum-framføringa – teknologi som kan gi svære samfunnsgevinstar og tryggare el-forsyning verda rundt om dei lukkast. Brørne Andreas og Magnus Haugen har nylig fått sterke investorar med på laget og er på veg inn også i den amerikanske marknaden. Magnus kunne fortelje oss om det gode grunder-miljøet som no veks fram i Alta, der folk heiar på kvarandre og nettverka blir stadig sterkare.\n\nEin halvtimes køyretur nord for Alta ligg ei heilt ny reiselivsbedrift: Bjørnfjell Mountain Lodge. Her har Benedikte Andersen og familien investert fleire titals millionar i eit reiselivs-anlegg av topp standard, flott design og kvalitet i alle ledd – og ikkje minst godt vertskap og lokal mat frå Alta og Finnmark på menyen. Dei opplever no at gjester strøymer til frå heile verda – Alta og Finnmark er noko av det mest eksotiske Noreg har å by på, og med proff bruk av sosiale media når dei ut dit dei skal, og lukkast med si fabelaktige satsing. Reiselivet er utan tvil ei av dei store framtidsnæringane i Finnmark – og Benedikte&co viser veg i profesjonalitet og standard.\n\nEg er overtydd om at det å lukkast med å bygge Alta vidare som eit sterkt senter, er avgjerande både for Finnmark og norsk nordområde-politikk. Då er det éi stor gjenståande utfordring som må løysast: Sjukehus. Alta med sine 22.000 innbyggjarar har ikkje sjukehus, og med Finnmark sin mildt sagt krevjande geografi og natur er det i lengda ikkje haldbart. Det er to timar til næraste sjukehus (Hammerfest) – med rasfarleg veg, fjellovergang og stengingar vinterstid. Og frå Kautokeino er avstanden endå nesten dobbelt så lang som dette.. Vi må steg for steg bygge opp eit tryggare nærsjukehus-tilbod til folk i Alta og omegn – det vil bli ei prioritert sak for Venstre å kjempe for både lokalt og nasjonalt i åra framover.\n\nMen uansett: Alta er kraftsenter nr 1 i Finnmark. Folk har budd her i nesten 10.000 år, og framtida ser lysare ut enn nokon sinne! Takk til Troms og Finnmark Venstre og Alta Venstre for besøket!

Postet:
2022-07-07 20:35:16

Delt innhold:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre-এর পোস্ট করা ফটো