Innlegg:
Reisebrev frå Nord, del 3 (av 3): Senja\n\nSenja er både Noregs nest største øy og ein ny storkommune i Nord-Noreg: Fire gamle små kommunar har gått saman til nye Senja kommune med 15.000 innbyggarar, og mykje større felles utviklingskraft for framtida.\n\nEtter flott ferjetur frå Kvaløya i Tromsø vart vi tatt imot på kaia i Botnhamn av Senja Venstres Kjell Harald Horn: Kiropraktor, Venstre-mann og fjellsport-entusiast (som driv med ski-guiding i Senja-fjella på vinteren). Så gjekk turen rett mot vest – mot ei bygd og ei bedrift som har fått det til «mot alle odds»: Brødrene Karlsen As på Husøya, i havgapet på yttersida av Senja.\n\nBrødrene Karlsen er eit familieeigd sjømaktkonsern med 90 år på ryggen, der 3. generasjon med Rita Karlsen i spissen no sit ved roret. Dei er eit såkalla heilintegrert sjømatselskap: Dei driv både med lakseoppdrett, mottak av kvitfisk (torsk mm), produksjon og eksport/salg over heile verda, og engasjerer seg i både reiarlag og nyskapande sjømatsatsingar. Dei siste åra har utviklinga i selskapet vore eventyrleg. I fjor omsette dei for 1,2 milliardar NOK med godt resultat på botnlinja, og veksten held fram i år.\n\nNøkkelen til suksess: Ekte kjærleik og langsiktig engasjement for bygda, naturen og havet. Dei var først i Noreg med økologisk lakseproduksjon, dei har arbeidstakarar frå over 20 land som dei har hjelpt med å etablere seg og trivast i bygda, dei hjelper unge lokale fiskarar med å kome i gang og etablere seg – og no investerer dei for fullt for å bygge seg sterkare for framtida.\n\nEin morsom detalj som seier det meste om Brødrene Karlsen og «ånda» på Husøya: Rita kjøpte seg elbil, men Senja kommune har ikkje fått på plass ein einaste skikkeleg ladestasjon. Då investerte ho like godt i sin eigen lynladar på Husøya – open for alle – på «den ytterste nøgne ø» på yttersida av Senja. Den nye tid må kome, uansett om nokon strittar imot..\n\nMyndige Rita vil ikkje ha noko kødd med EØS-avtalen – den er avgjerande for at dei framleis skal vere hjørnesteinsbedrift på Husøya og ein motor for heile Senja. Og ho skal få hjelp og støtte frå oss i Venstre for ei avgjerande viktig sak: Dei må ha rask utmudring av den overfylte havna i Husøya, og på sikt ny molo og endå større hamn. Ap/Sp-styrte Troms&Finnmark fylke har prestert å seie nei til store beløp frå staten til hamneformål fordi dei har boikotta oppgåveoverføringa av fiskerihamner i regionreformen, som del av den fåfengde draumen om at ting i nord skal vere slik dei alltid har vore. \n\nDet går no ut over Brødrene Karlsen og Husøya-samfunnet. Den kampen må vi no løfte opp på statleg nivå. Her skal Rita&co få den drahjelpa Venstre kan gje dei. Verdiskaparane i distrikta må vi heie på – og hjelpe fram.\n\nHalvannan time unna – i same kommune – ligg ei anna nyskapande og stor fiskeribedrift: Stella Polaris AS. Bak det mystiske namnet skjuler det seg éin av verdas leiande produsentar av ferdig renska reker – som leverer til heile verda og omset for 400 mill NOK i året. Dei har eit imponerande, så godt som heilautomatisert fabrikkanlegg, og store planer om vekst og fornying av heile reke-næringa, mellom anna med å få til overgang til nullutslepps-fartøy i fangsten. Besøket sprakk alle tidsrammer fordi vi hadde så mykje å diskutere, og endå meir å følgje opp på hi sida av sommaren.\n\nSenja-besøket vart avslutta med bedriftsbesøk og middag saman med Senja Venstre på ein gourmet-restaurant av dei sjeldne ute i ei ørlita bygd i Senja: Fjösn Restaurant, som serverer mat av (etter mi vurdering) Michelin-klasse bygd på lokale råvarer i ein ombygd låve. Ei heilt spesiell oppleving, i ein restaurant som går som ei kule året rundt, mellom anna takka vere nordlys-turisme vinterstid (bygd på skuldrane av Aurora Borealis Observatory, som tilbyr eksklusiv «nordlys-overnatting» og har nær 10 millionar følgjarar på Facebook og Instagram).\n\nTusen takk til Senja-entusiast Kjell Arne og Troms og Finnmark Venstre for ein strålande dag! Klarer Senja-samfunnet no å slå kreftene saman og jobbe godt «under same tak» i ein ny kommune med utviklingskraft, så ser framtida lys ut! Då treng vi også ei solid Venstre-liste på Senja ved lokalvalet 2023, som kan heie fram dei gode framtidskreftene og røske opp i det som må endrast. Den jobben held vi fram med.
Postet:
2022-07-08 10:24:04