Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
Til havs for å sjå framtida!\n\nRett utanfor Noregs minste kommune, Utsira i Rogaland, ligg eit ekte «framtidslaboratorium» til havs. Her testar Norwegian Offshore Wind og partnarar ut ulike konsept for flytande hav-vindmøller: Ein teknologi der Noreg kan bli fremst i verda og bygge ein stor ny industri om vi no grip sjansen.\n\nFredag besøkte eg den aller nyaste mølla i testfeltet, Tetraspar, saman med andre stortingspolitikarar og rådgivar Susanne Bondevik i Venstre si stortingsgruppe - på invitasjon frå NHO Vestlandet, NHO Rogaland, Norske Shell og Norwegian Offshore Wind. Shell samarbeider med dei to største energiselskapa på Vestlandet, Lyse og Eviny (tidl. BKK) om å utvikle flytande offshore vindkraft – med mål om størst mogleg lokal og nasjonal verdiskaping i åra framover.\n\nVi fekk ein fabelaktig dag til sjøs, med god informasjon, rikeleg tid til å diskutere og stille spørsmål – og rosinen i pølsa: Vi fekk også besøke øy-paradiset Utsira Kommune, Noregs minste kommune med 201 innbyggjarar, der vi vart tatt godt i mot av ordførar Marte Eide Klovning, næringssjef Grete Møgster og andre – og også fekk møte det lokale fiskarlaget for å diskutere sameksistens og sambruk av sjøen mellom fiskeri og fornybar energi.\n\nDet er endå mange brikker som må raskt på plass viss vi skal lukkast: Vi må endå tettare inn i samarbeid med EU (Senterpartiet må ikkje få vinne fram i kampen for å isolere oss frå resten av Nordsjø-landa når det gjeld samarbeidsavtaler og nett-påkobling), vi må kome raskt i gang med konsekvensutgreiingar, vindmålingar og grunnprøver – og vi må ha heilt konkrete planer for vidare utbygging av flytande vind også i åra 2025-2030 – ikkje berre langsiktige mål fram mot 2040. Det handlar om å skape ein heimemarknad raskt – det er nøkkelen for å sikre mest mogleg norsk verdiskaping og eksport i framtida.\n\nSuverent og lærerikt opplegg frå NHO, Shell & co. Og skikkeleg kjekt at Noregs minste kommune no er i sentrum for eitt av framtidas største industrieventyr – og ser lyst på framtida!

Postet:
2022-07-03 16:36:05

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post