Person / Aktør:
Terje Breivik
Terje Breivik
Parti: V

Innlegg:
I dag har eg vore så heldig å få skulera og møta representantar frå Norges Blindeforbund. Dei var opptekne av at blinde og synshemma skulle få lik rett til å deltake aktivt i lokalsamfunna sine, uansett kvar dei bur. Det er eg óg😊 Derfor var det spennande å diskutera TT-ordninga med dei, som gjev blinde og synshemma i 8 fylke 200 taxiturar i året nesten gratis. På denne måten kjem dei seg til butikken, på fritidsaktivitetar og på jobb utan urimeleg kostnad. Eg meiner me skal leggja til rette for at alle skal kunne ha eit meiningsfylt og aktivt liv, uavhengig av geografi og funksjonsnedsetjing. Då bør TT-ordninga gjelda heile landet.

Postet:
2018-09-19 17:03:06