Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Fyrste dag av «stortingsferien» er brukt til møte med og befaring saman med jordvernforeninga i Rogaland og Jordvern Norge. \n\nDei to bileta viser staden på Vagle i Sandnes der Coop Norge vil bygge ned matjord for å få plass til nytt sentrallager for regionen. \n\nDei har sikkert ikkje funnet ledig plass på dei 97 % av Norge som ikkje er matjord. \n\nAp/Sp-regjeringa utgjer ein klar skilnad på mange område. Jordvern er eit av områda. Me vil skjerpe inn jordvernet og ha nye tiltak for å ta vare på matjorda. \n\nNorge må ta beredskap meir på alvor - og heldigvis var det berre Frp og Høgre som protesterte då Stortinget gjorde vedtak om eit styrka jordvern i tråd med regjeringsplattforma.

Postet:
2022-06-20 21:20:52

Delt innhold:
Photos from Geir Pollestad - Senterpartiet's post