Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Etter eit innlegg på Facebook om dei humørlause og sjølvopptekne oslojournalistane - har eg fått ingen - null - kommentarer frå oslojournalistane. \n\nMen eg vart invitert på lunsj med godt humør hjå Stavanger Aftenblad. Den er gjennomført i dag - og for ein som er vant med det enkle liv i stortingsrestauranten - var det ein stor gastronomisk opplevelse. Her var det laks, suppe, salater og vatn med smak av lime. Det mangla ikkje noko. \n\nI kantina sat dei mektige journalistane smilande og drøste - redaktørane meska i seg kake, lytta og korrigerte. \n\nPlutseleg kom «Aftenblabla-stjerna» Jan Zahl inn i kantina. Han er einaste kjendis i verda som både har ein bror, ei syster, ektefelle og truleg og foreldre som er meir kjent enn han sjølv. \n\nDet vart ein hyggeleg lunsj i godt selskap med både lått, løye og alvor. Eg valgte laks (høgast kilopris) poteter med skrell og grønnsaker til lunsj. Eg merka stor interesse frå dei andre på kva eg ville gjera med dei uskrella småpotetene. Eg vurderte å skrelle dei for så å berre spise skrellet. \n\nVatnet var og kjølig og fint. Matopplevelsen får terningkast 4 - medan totalopplevelsen ein god 5 er. \n\nDet er jammen meg mykje kjekke smilande folk med godt humør - også blant journalistane om ein berre dreg ut i landet og møter dei.
Postet:
2022-06-21 13:34:12
Delt innhold: