Person / Aktør:
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre
Parti: V

Innlegg:
År 1 på Stortinget er over! Ekstra kjekt å få besøk av mor mi Ragnhild Bjørlo siste møtedag før sommaren, med tid til å sjå seg om, ete i stortingsrestauranten og helse på gode kollegaer. Og hyggeleg overrasking å få ei Velkomen heim-sommargåve frå Nordfjord – overlevert av Aps Kamzy Gunaratnam, som har vore på Nordfjord-turne dei siste dagane.\n\nÅret har gått forrykande fort. Ubegripeleg kvar dagane har blitt av. Det har vore pandemi, krig, straumkrise, regjeringsskifte, ein historisk tale av Ukrainas president Zelensky som vil bli ståande i norsk politisk historie, og mykje anna.\n\nFor min eigen del har det – når ein får summa seg og tenkt over livet – vore eit godt år. Etter nokre rare fyrste månader, kan eg no med handa på hjartet seie at det kjennes meiningsfullt å vere her. Det er hyggelege og flinke folk både i eige parti og i miljøet elles. Ein lærer og blir litt klokare på landet og verda kvar einaste dag - og får vere med på utruleg mykje interessant. Venstre er i siget framover – medlemstal og oppslutnad stig, og vi har ein drivande dyktig sjef i Guri Melby.\n\nHar ikkje fått gjort tredjeparten av alt eg håpte å få tid til og hadde lyst å gjere, men har i det minste fått stilt 58 skriftlege spørsmål, 13 spørjetimespørsmål og 3 interpellasjonar, vore medforslagsstillar på 23 representantforslag, saksordførar i to saker i Næringskomiteen og deltatt i mange debattar i stortingssalen og konferansar/ arrangement elles, vore relativt synleg i media både lokalt og nasjonalt og ikkje minst vore på reise og besøk rundt i alle fylke i landet (pluss til Brussel).\n\nSå er det ikkje ferie heilt enno. Dei neste tre vekene skal eg reise ein god del på besøk til Venstre-lag og på bedriftsbesøk etc landet rundt (mellom anna til Sunnmøre, Trondheim og Finnmark/Nord-Troms) og få rydda opp i endelause mengder e-post og korrespondanse eg heng etter med- Så blir det ferie frå andre veka i juli, med Malakoff-festivalen på Nordfjordeid og ein London-tur med familien som to av sommarens høgdepunkt. .\n\nTakk for alle hyggelege samtaler og møte i året som har gått, unnskyld til alle som har fått alt for treige eller i verste fall heilt manglande svar (eg byrjar på berget av gjenståande e-post no).\n\nI ei uroleg og utrygg verd har vi det trass alt enno godt i landet vi bur i. Det er inga sjølvfølge. Ta vare på kvarandre, ver romsleg, senk skuldrane og nyt sommaren 💚

Postet:
2022-06-19 21:31:48

Delt innhold:
Photos from Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo - Venstre's post