Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Sommarhelsing til Oslopressa. \n\nMi sommarhelsing er ei åtvaring. Ei åtvaring til den delen av pressa om dekker rikspolitikken. \n\nDei har rett og slett mista humøret og mange journalistar har blitt så keisame at ein må telle sauer når ein pratar med dei for å ikkje fella i tung svevn. \n\nI tillegg vert dei stadig meir opptekne av seg sjølv og i verste fall kan det gjera at dei vert mindre opptekne av samfunnsoppdraget. \n\nEit døme på, og eit klårt uttrykk for, denne alvorlege tilstanden er saka i VG om ein statsråd som har fortalt ein vits på ein fest. \n\nDet er kunnskapsminister Tonje Brenna som på Agenda sin sommarfest har fortalt ein vits om trulovinga til Märtha og Durek. Vitsen var sånn passe morosam og definitivt ikkje over streken. VG har laga ein sak om dette utan humor eller glimt i auge, men med anonyme kjelder. \n\nEg vil berre peike på at bruken av anonyme kjelder er eit unntak etter «Vær varsam plakaten» Her er det nok snakk om at saka si viktigheit opna for bruk av anonym kjelde. Det viktigaste er trass alt at ei slik sak fortener journalistar som har humør og ein god penn. Utan det vert det så trist som VG-saka. \n\nEg har og nokså sikre kjelder på at saka gjorde at ei kritisk sak mot regjeringa vart prioritert bort. \n\nSjølvsagt skal eg ikkje bygge kritikk om at ei heil yrkesgruppe har mista humor og humør på ei sak. Eg meiner at saka føyer seg inn i eit mønster og er eit symptom på den underliggjande tilstanden. \n\nI Stortingsrestauranten har pressa eit eige bord. For nokre stortingsperiodar sidan kom det til vanleg latterkule på latterkule frå det bordet. No er det eit gravalvor over lunsjen til pressen som får eit minnesamvær på eit vestlandsk bedehus til å framstå som eit rave-party. Skulle det mot formodning kome eit smil frå nokre av dei lunsjande journalistane så kjem det meir truleg av mageknipe enn av glede. \n\nStortingspressen inviterer til eit årleg julebord. Her er og nokre frå partia invitert. Det har tidlegare vore festar med sprut og som har gitt både sletne lattermusklar og litt tungt bakhovud i ettertid. \n\nNo i vår var det koronaforsinka julebord i presselosjen. Det vart ein lang kveld. Når folk på fest må sjå om mange nok andre vågar å le før dei ler sjølve så vert det tungt. Her skulle ein i alle fall ikkje krenke ein journalistkollega med ein vits eller kommentar. Heldigvis var det ein nymåla vegg i lokalet, slik at me i spenning kunne fylgja siste del av størkingsprosessa. \n\nEg var tidlegare ein ivrig lyttar av politiske podkastar. Eg høyrde alt frå hovudstadsmedia og dei regionale mediehusa. Det var underhaldande. No har eg jamt kutta det ut. Humoren er borte - sjølvironi er erstatta av sjølvopptattheit. \n\nDette handlar ikkje om ei frykt for journalistar som skriv kritiske saker. Det handler ikkje om mitt syn på kva saker som er viktig. Eller kommentatorer som ikkje forstår Senterpartiet - det både ynskjer og likar me. Ikkje minst når me er i posisjon og har makt så er det noko me må leva med. \n\nMen det er eit venleg rop om å få tilbake journalistane litt slik eg minnast at dei var før i tida. Litt artigare, litt meir sjølvironiske og litt mindre opptekne av seg sjølv. \n\nEg kjem berre på ein situasjon der journalistane er glade på ekta. Det er når dei får prisar. Anten frå sin eigen redaksjon, sitt eige konsern eller si eiga bransjeforening. Det er mykje priser så mest alle får og då er det mykje glede. \n\nKvifor tek eg opp dette? Eg gjer det litt for moro skuld, men og på djupt alvor. Pressa har ein stor oppgåve for å sikra den grunnlovsfesta ytringsfridomen. Dei er og tungt subsidiert frå staten for å gjera denne oppgåva. Då må dei ikkje mista oppdraget i sitt eige spegelbilete og tungsinn. \n\nMed det vil eg ynskje alle i Oslopressa ein velfortent ferie.

Postet:
2022-06-18 10:47:39

Delt innhold: