Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
I dag er det ei ny meiningsmåling i Nationen/Klassekampen om EU-spørsmålet. Det er fleire interessante ting ved den målinga:\n\n* Ikkje på 12 år har oppslutnaden om norsk EU-medlemskap vore større. 35,3 prosent er framleis ikkje ei folkerørsle, men det byrjar å likne på noko.\n\n* Nei-sida duppar under 50 prosent oppslutnad, etter å i mange år ha nytt støtte oppe på både 60- og 70-talet.\n\n* Sjølv om ja-sida berre aukar litt, er fallet i nei-svar forholdsvis stort. Heile 16 prosent er no usikre.\n\n* Bakgrunnstala viser at det er fleire ja-veljarar enn nei-veljarar i veljarmassen til både Høgre, Ap, MDG og Venstre. Størst støtte for EU-medlemskap er det hos Venstre sine veljarar. Minst støtte er det hos ytterparti som Raudt og Sp.\n\n* Folk er meir positive til EU jo eldre dei er. Det er vanskeleg å seie kvifor det er slik, det bryt tvert med trenden i andre europeiske land. Min teori er at det skuldast mangelen på ein EU-debatt i dette landet. Ingen under 40 har tatt stilling til dette spørsmålet før, og med meir debatt er eg overbevist om at også fleire unge vil ønske ei endring.\n\nDet er ingen tvil om at ja-sida er i vekst, og har vore det over lang tid. Verken på denne eller tidlegare målingar er det dramatiske endringar. Likevel har det sakte, men sikkert blitt ei tetting av gapet. Og dette har skjedd over ein 10-årsperiode.\n\nKva skuldast det at folk blir stadig meir positive til EU-medlemskap? Eg trur det har med å gjere at stadig meir av det som er av aktuelle politiske debattar opplagt har overnasjonale løysingar. Klimakrisa er det fremste dømet, og der går EU så definitivt foran. Korona-pandemien viste også behovet for samordna opptreden rundt innkjøp av vaksinar. Og ikkje minst Ukraina-krisa har vist behovet for koordinert opptreden blant europeiske naboar og allierte, anten det handlar om sanksjonane mot Russland, mottak av flyktningar eller våpenstøtte til Ukraina. \n\nNoreg er heldigvis med på det meste, sidan vi har EØS-avtalen og dei mange andre avtalane om samarbeid med EU-landa. Men framleis er det ulempar for næringslivet vårt ved å stå utanfor, til dømes for sjømatnæringa som møter tollmurar. Og ikkje minst er det enorme ulempar for demokratiet vårt at vi ikkje får delta i beslutningsprosessar rundt dei viktigaste spørsmåla som møter Europa. Noreg er og blir ein lobbyist i Brussel, ikkje ein deltakar. Det bør det bli ei endring på. Og det er heldigvis fleire og fleire nordmenn einige i.

Postet:
2022-06-07 13:33:17

Delt innhold:
Photos from Sveinung Rotevatn's post