Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Eit bredt fleirtal på Stortinget har gått inn for endringar i petroleumsskatten. Det er ei endring som legg til rette for framleis høg aktivitet og verdiskaping i ei enormt viktig næring for landet. Kjekt å få lov å vera saksordførar for ei sak som er så viktig for Norge. \n\nEndringa betyr at selskapa på kort sikt får mindre skatt og på lengre sikt må dei betale meir skatt. Staten får meir inntekter - selskapa får pengar raskere etter ei investering. Organisasjonen Norsk olje- og gass og næringa støtter omlegginga. \n\nErna Solberg har i det siste prøvd å framstille Stortinget som ein gjeng som let oss diktere av oljebransjen når vi lager reglar. Her tar Erna feil. Det var mange ynskje om endringar under handsaminga på Stortinget - fleirtalet gjekk likevel inn for den modellen regjeringa hadde gjort framlegg om. \n\nMe sikrer og næringa føreseielege vilkår ved å slå fast at den midlertidige skattepakken ligg fast. \n\nGodt å ha ei regjering som sikrer utvikling og ikkje avvikling av oljenæringa. Det bør og glede oljemotstanderne at me sikrer næringa - for dei er jo veldig opptekne av å nytte inntektene. \n\nDet er synd at MdG, Rødt og Frp ikkje er med på moderniseringa av skattesystemet som næringa ynskjer.

Postet:
2022-06-02 10:11:48

Delt innhold: