Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
Lobbyister. Det er en del av kvardagen som politikar - og ein del av vårt demokrati. \n\nDet er folk og grupperinger av folk som argumenterer for sine saker. Dei gjer det i kraft av ein eigeninteresse. Når til dømes no NAF er opprørt over at det frå neste år ikkje vil bli gitt momsfritak på felgane til vinterdekk om el-bilen koster kr. 500 000 utan vinterdekk, så gjer dei det på vegne av sine medlemmar. \n\nNår Knut er oppteken av vilkåra for å få rullestol og andre hjelpemiddel til barnet sitt for å få kvardagen til å gå rundt - så kan han anten ta det opp sjølv eller via ein organisasjon han er med i, som Norges Handikappforbund. \n\nEg er oppteken av at folk som har saker dei vil ta opp med stortingsrepresentantar fritt kan gjera det. Om Knut, i dømet over, saman med sitt barn oppsøker meg på Stortinget så skal han sleppe å registrere seg i eit offentleg register. (lobbyregister) Det gjeld og om han har med seg folk frå Norges Handikappforbund, fordi han synes det er skummelt å fortelle historien til ein framand stortingsrepresentant. Eg trur det er viktig at folk kan ha kontakt med politikarar utan at dei risikerer ein telefon frå Dagbladet i etterkant, som vil vite kva som vart sagt på møtet. \n\nNoko heilt anna enn lobbyister som jobber for seg sjølv eller interesseorganisasjoner er kommunikasjonsbyrå. Dei representerer ulike interesser ut frå kven som betaler dei. Senterpartiet har køyrt ei hard linje mot kommunikasjonsbyrå. Dette provoserer enormt både i kommunikasjonsbransjen og politikarer som lever i svingdøra mellom PR og politikk. \n\nVenstrepolitiker og tidligere PR-mann Alfred Bjørlo hevder at det ikkje skjer at PR-byrå ringer for å avtale møter på vegne av klientar - og at kritikken frå Trygve Slagsvold Vedum er feil. Eg kan stadfeste at eg ei rekke gonger har fått førespurnader frå PR-byrå om møter. Andre gonger finn ein spor av dei i videresendte e-postar der folk ikkje har sletta historikken. Dette å avtale møter og skrive epostar for folk er ikkje det verste med kommunikasjonsbransjen - men når me vil syne avstand til den usynlige maktutøvinga deira er det naturleg å sanksjonera den synlege. \n\nDet er tre store problem med kommunikasjonsbransjen: \n\n1. Dei har usynleg makt og utøver den for betaling. \n2. Det offentlege betaler store pengar til bransjen.\n3. Politikere som går mellom PR og politikk utan å forstå at det er eit problem. \n\nEg kan fortelle to saker som eg meiner illustrerer ting som er problematiske: \n\nEg ble for nokre år sidan kontaktet av PR-byrå som lurte på korleis eg som ein med relasjon til Statskog opplevde selskapet. Statskog er eit selskap som er underlagt Landbruksdepartementet. Stortingets kontakt med selskapet skal gå gjennom statsråden og vedtak i Stortinget - og ikkje PR-byrå. \n\nOg kanskje meir oppsiktsvekkjande: Eg vart for ei god stund attende kontakta av eit PR-byrå som ville høyre korleis eg og Senterpartiet ville stille oss til ei samanslåing mellom den norske delvis statlege gjødselprodusenten Yara og den amerikanske gjødselprodusenten CF. Ikkje veit eg om statsråden på den tida var kjent med prosessen - eg var det i alle fall ikkje. PR-byrået ville vite korleis me ville stille oss om eit nytt selskap flytta hovudkontoret til Yara ut av Norge, men at det vart norsk toppsjef. Eg vart litt satt ut - men eg trur eg svarte noko slik at «sysselsetting av konsernsjefer er ikkje eit formål med eigarskapet». \n\nMange mektige mennesker vert sinte på Senterpartiet sin kamp mot PR-bransjen si makt - men det er ein naudsynt demokratikamp.

Postet:
2022-05-27 10:53:07

Delt innhold: