Person / Aktør:
Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn
Parti: V

Innlegg:
Johan Kleppe (1928-2022)\n\nI dag var eg i gravferda til ein ordentleg heidersmann. Johan Kleppe var forsvarsminister i regjeringa Korvald, og var den siste frå den regjeringa som framleis levde. No har han gått ut av tida. \n\nJohan kom frå Bjørnskinn på Andøya i Nordland. Far hans døydde då han berre var seks år gamal, og livet ytst i havgapet var neppe det enklaste. Men Johan fekk utdanning. Under krigen var det skulegang på loft rundt omkring i bygda, og etter førstegongstenesta søkte han og vart tatt opp på Veterinærhøgskulen i Oslo. Seinare skulle han bli fylkesveterinær for Nord-Noreg mellom 1976 og 1992. Som fagmann var han ein legende i landsdelen, og det fekk vi høyre mykje om under minnestunda i dag. \n\nMen det var som Venstre-politikar han vart mest kjent, og det var på vegner av partiet vårt eg deltok under gravferda på Andøya i dag. Kommunestyrerepresentant, ordførar, stortingsrepresentant, statssekretær - og til sist statsråd, som forsvarsminister i regjeringa Korvald. \n\nJohan Kleppe var kjent som ein mann med mange gode replikkar, og det kanskje mest kjente utsagnet kom då han fekk ansvaret for å handtere ubåtsaka i Sogn. Ein framand ubåt, formodentleg frå Sovjetunionen, var observert i Sognefjorden, og ein stor leiteaksjon vart satt i gang. Det kom sterke krav i offentlegheita om at forsvarsminister Kleppe måtte sende eit protestbrev. Men sidan det ikkje var bevist at det faktisk var ein ubåt som var observert, og i tillfelle kva nasjon ein skulle protestere til, spurte Johan Kleppe tilbake om det var meininga han skulle sende protestbrevet per flaskepost. \n\nEin annan replikk, som Jan Kløvstad minte meg om, falt på Venstres landsmøte i Bø i 1977. Jan møtte på Johan utanfor landsmøtesalen, og Johan kunne fortelje at "dem har kasta mæ ut". Jaha? spurte Jan. "Dem har vedtatt røykeforbud!", sa Johan, og tente pipa med eit smil. Som ein kan sjå frå biletet var den ein kjær følgesven resten av hans 93-årige liv. \n\nJohan Kleppe var del av ein heilt annan Venstre-generasjon enn meg sjølv. Nemleg generasjonen som hadde sentrale posisjonar i eit framleis relativt stort parti, før partiet vart så tragisk splitta på Røros i 1972. Det skulle ta mange år før partiet igjen kom tilbake med kraft på Stortinget og etter kvart i regjering. \n\nNettopp difor var det likevel fint å høyre alle talane i dag, om ein mann som mange i dag ikkje lenger har eit forhold til. Men som var ein bauta i sitt lokalsamfunn, som gjorde ein mangeårig innsats for partiet sitt - og landet sitt. Slik sett var ikkje så reint lite symboltungt at Johan Kleppe til slutt gjekk ut av tida på sjølvaste nasjonaldagen 17. mai. \n\nKvil i fred.

Postet:
2022-05-27 21:08:51

Delt innhold: