Innlegg:
Regjeringa og næringsministeren brukar store ord om korleis dei visstnok er i gang med å forsterke det grøne skiftet. Det blir snakka om "storstilte løft" og "gigantiske industrieventyr". No er fasit inne: I forslaget til revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å _kutte_ i den samla klima- og miljøinnsatsen med 222 millionar kroner. Ikkje auke, ikkje satse, men kutte. Det kan ein sikkert kalle mykje, men noko løft er det neppe. I dag utfordra eg næringsministeren i spørjetimen på kvifor regjeringa no kuttar målretta i alt frå grøn skipsfart til hydrogensatsing og restaurering av natur. Synest du eg fekk eit godt svar tilbake?
Postet:
2022-05-25 13:46:24