Innlegg:
Det er ei side ved jordbruksoppgjeret i år som ikkje har kome så godt fram - og det er at regjeringa ikkje vil vente heilt til 2023 før ein set i gang jobben med å redusere inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. \n\nDet vanlege er at ein forhandlar for neste år. Altså for 2023. Her vil jordbruksoppgeret redusera inntektsgapet med 40 000 per årsverk. Slik det viser på det fyrste bilete. \n\nRegjeringa tetter om lag 30 000 per årsverk allereie i 2022. Desse pengane vil og ligge inne i 2023. Slik du ser på neste bilete. \n\nRealiteten er difor at bonden i 2022 og 2023 vil få i underkant av 30 000 meir per årsverk enn det som er vanleg. På dei to åra aukar nivået på støtta med 40 000,- men konsekvensane for bonden er ei ekstra utbetaling i 2022 på nær 30 000,- \n\nDet er ei politisk prioritering for å betre likviditeten i jordbruket i eit krevjande år. Var det forståeleg?
Postet:
2022-05-20 08:32:29