Person / Aktør:
Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen
Parti: AP

Innlegg:
Vi trur på ei progressiv framtid for Polen 💪🏽\n\nSjølv på eit kort besøk kan ein få gjort mykje! Den norske ambassaden i Warszawa, Ambasada Norwegii w Polsce, inviterte oss ned hit for å feire 17. mai og IDAHOT - den internasjonale dagen mot homofobi og transfobi. Det var ein lett invitasjon å takke ja til. Markeringa i går var ei viktig påminning om kor viktig det er at Noreg fortset å fronte menneskerettar og ytringsfridom både heime og ute. 🇳🇴🏳️‍🌈\n\nLHBTIQ-aktivistane fortel om trakassering, forsøk på utmatting frå styresmaktene og unge engasjerte menneske som til slutt gir opp kampen fordi dei er redde for familiane sine. Og modige abortaktivistar blir truga og rettsforfølgde for å hjelpe kvinner til trygg abort. \n\nSamtidig kjem det no millionar av flyktningar til Polen, som treng tryggleik, mat, helsehjelp og ein stad å bu. Skulegang og jobb. Det var enormt imponerande å sjå kor raskt Flyktninghjelpen fekk snudd seg rundt og sett opp eit mottakssenter, der folk kan orientere seg og etter kvart få hjelp til vegen vidare. Og det gjorde sterkt inntrykk å sjå ei sliten ung kvinne med eit nyfødt barn i armane på ein klappstol i eit telt, langt heimanfrå. \n\nDet polske samfunnet har verkeleg stilt opp for Ukraina. Nokon omtalte Polen som éin stor NGO, og det er lett å forstå korfor. 🙏🏼⛑\n\nFør vi drog, møtte vi politikarar frå opposisjonen. Dei var optimistiske før neste års val. Forhåpentlegvis kan dei samle seg om eit meir progressivt prosjekt, som kan føre til eit sterkare, meir demokratisk Polen. 🌱🙋\n\nAlle vi snakka med, understreka kor viktig det var med støtte frå og samarbeid med politiske krefter i andre land, som står opp for menneskerettar og demokratisk engasjement. \n\nTusen takk til ambassadør Anders H. Eide for invitasjonen og det viktige arbeidet dokker gjer på vegner av Noreg! 🇳🇴🇵🇱

Postet:
2022-05-18 16:36:28

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Anette Trettebergstuen