Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Det pågår ein interessant diskusjon for tida om forskning og finansiering av forskningen. Diskusjonen er veldig prinsipiell og inneheld ikkje element av korkje personleg drama, kjærleik eller sex - så den er difor ikkje så stort slegen opp i VG, Dagbladet eller NRK. \n\nSaka i korte trekk: Forskningsrådet fordeler pengar til forskning i Norge. Dei ligg under kunnskapsdepartementet som oppnemner styret. Forskningsrådet har i år tildelt meir pengar enn dei har og ikkje minst har dei pådrege seg økonomiske forpliktingar i åra som kjem, som ligg fleire milliardar kroner over det som er løyva. Det har dei ikkje hatt heimel/kompetanse/rett til å gjera. \n\nNår nokon har løyva så mykje pengar i strid med reglane og prinsippa som gjeld - så får det konsekvensar. Statsråd for høgare utdanning Ola Borten Moe kasta heile styret i Forskningsrådet og sette inn eit nytt styre for å rydda opp. \n\nSlikt skaper reaksjonar - ikkje minst hjå dei som i stor grad er mottakere av desse pengane. Mellom anna rektorane ved Universiteta våre. \n\nRektor ved NMBU Curt Rice formidlar fylgjande til verda gjennom Twitter: «Hard to understand this as anything but a complete disaster for the people of Norway.» Eg lurer på kva folk i verda han har som mål å nå ut til med bodskapen om denne «total katastrofe» som rammer det norske folk? Afghanistan. Ukraina. Nepal. Sudan. \n\nDet som overrasker meg mest er den manglande forståinga for saka. Det vert argumentert med at forskninga dette finansierer er så viktig. Det er eg ikkje i tvil om, men det fritek ingen frå faktum at fellesskapet sine pengar skal styrast og brukast etter visse reglar. Mellom anna Grunnlova som legg oppgåva med å\nløyva pengar til Stortinget. \n\nDenne saka har ingenting med kor mykje midler me skal bruke på forskning. Det kan verke som eit samfunnssjikt som har heva seg litt over diskusjonen om bruk og fordeling av knappe ressursar på vegne av oss alle. Og det er påfallande å sjå korleis og dei skrivande i til dømes Khrono og forskning.no nokså ukritisk slår ring om sine eigne. \n\nKorleis ville denne saka ha vore på eit anna fagfelt. Om til dømes Staten Vegvesen var Forskningsrådet: Vegdirektøren har i 2022 med opne auge brukt meir pengar enn Stortinget har løyva. Samstundes er det utan godkjenning i reglement sett i gang nye prosjekter som ein veit vil gjera at budsjetta dei komande åra sprekk med fleire milliardar. Penger som ein må ta frå andre områder. Når ein så får ein smekk på fingrane - så kan ein forsvare seg med at nye vegar reddar liv og at det difor ikkje er så farleg. Sjølvsagt ville ikkje det ha vorte akseptert - og sjølvsagt ville ikkje rektorer landet rundt ha rykka ut med sitt forsvar.\n\nEin skal ha respekt for fellesskapet sine midler - det gjeld og i sektorar med mykje mektige mennesker. \n\n(Bilete av det kasta styret i Forskningsrådet)
Postet:
2022-05-15 10:01:25
Delt innhold: