Person / Aktør:
Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen
Parti: AP

Innlegg:
Vi prioriterer vanlege folk i heile landet! 🙌🏼🌹\n\nI dag legg regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett. Det er usikre økonomiske tider, og vi må halde igjen pengebruken for å unngå ein overoppheta økonomi. Då er det viktig at vi bruker pengane klokt, og vi prioriterer meir utjamning, meir inkludering og mangfald og sterkare fellesskap. \n\nPå kultur-, idretts- og likestillingsfeltet har vi desse satsingane, som vil bety meir inkludering og lågare tersklar for deltaking i heile landet, ei svært viktig sak for Arbeiderpartiet:\n\n🎈 46,5 millionar ekstra til bygging av idrettsanlegg, slik at barn og unge har ein stad å vere i aktivitet\n🎈 6,7 millionar til Ungdom og Fritid for å inkludere fleire i dataspelaktivitetar\n🎈 4 millionar til Fargespill \n🎈 1 million til Tvibit ungdomshus i Tromsø\n🎈 1,3 millionar til Stolpejakten for lågterskel aktivitet\n🎈 650 000 kr til Unge funksjonshemmede for å styrke arbeidet med ei barrierefri fritid\n🎈 800 000 kr til JM Norway for å styrke arbeidet med mangfald og likestilling i kulturlivet\n🎈 4,3 millionar til Peer Gynt-stemnet\n🎈 1 million til Doktortjønna ved Røros

Postet:
2022-05-12 12:18:04

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Anette Trettebergstuen