Person / Aktør:
Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen
Parti: AP

Innlegg:
⭐️Fantastisk dag i Bodø med ho Ida ⭐️\n\nI dag har eg fått sjå noko av det finaste Bodø har å by på. Frå ungar som får leike seg med ball på eigne premissar i regi av Bodø Håndballklubb og Bodø idrettsråd, Mørkvedhallen Klatresenter som driv med paraklatring, aktivitetsguidar som oppsøker familiar og hjelper til med å få ungar i aktivitet, til folka på Svømmehallen Scene som låner ut utstyr og lar unge få prøve seg som produsentar, teknikarar og artistar. Med denne entusiasmen og evnen til nytenking er det ikkje rart Bodø skal vere europeisk kulturhovudstad i 2024. Dei har openbert verdas beste lag med seg. \n\nDet var ekstra spesielt å runde av besøket med å ta imot orkesteret Kyiv Soloists, National chamber ensemble. Dei har vore på reise i to månader, og takka vere kommunen ved Ida Pinnerød, Arktisk Filharmoni, Bodø2024 og lokalt næringsliv står det no leilegheiter og jobb klare ei stund framover, slik at dei har ein stad å puste ut. Vi kan ikkje forstå kva dei har vore gjennom, men vi kan stille opp med det finaste vi har: frivilligheit, solidaritet og ei utstrekt hand. Det er eit eksempel til etterfølging for fleire norske lokalsamfunn.

Postet:
2022-04-29 19:46:19

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Anette Trettebergstuen