Person / Aktør:
Anette Trettebergstuen
Anette Trettebergstuen
Parti: AP

Innlegg:
Idretten er for alle 🙌🏼🤾‍♀️🏳️‍🌈\n\nFramleis er det få toppidrettsutøvarar som står fram som homofile. Takk til Ola Hoftun Lillelien som gjer nettopp det, og som seier han vil vere eit forbilde for andre. \n\nFørre veke markerte vi at det er 50 år sidan det å elske kven ein ville, ikkje lenger var kriminelt. Regjeringa bad om orsaking til det skeive miljøet på vegner av staten, for å ha dømt folk etter paragraf 213, og dermed gjort seg skyldige i grove brot mot kjærleiken og fridommen til folk. Dommar i rettssalen blei følgde av fordømming og trakassering i samfunnet. Det skulle aldri ha skjedd. \n\nIngen er fri før alle er fri 🌈

Postet:
2022-04-25 21:18:38

Delt innhold:
Ola Hoftun Lillelien overvelda av responsen etter at han stod fram som homofil
DRAMMEN (NRK): Handballspelar Ola Hoftun Lillelien har fått mykje merksemd etter å ha komme ut som homofil i eit Instagram-innlegg. Han seier innlegget har vore viktig for han, trass i hektisk periode.