Person / Aktør:
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)
Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)

Innlegg:
Her prøver helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol brillene som skal hjelpe fleire pasientar i distrikta med å få helsehjelp frå spesialistar. Mens helse- og omsorgsministeren undersøker Hulda Gunnlaugsdottir, administrerende direktør ved Helgelandssykehuset, får ho instruksar på øyret omtrent 3,5 timar unna frå ein spesialist i Mo i Rana. Bruk av HoloLens-briller gjer at fleire kan få spesialisert helsehjelp der dei bur.\n \nHoloLens-brillene blir tatt i bruk ved det nyopna Distriktsmedisinsk senter Sør-Helgeland i Brønnøysund. Der vil dei sikre at pasientar får likeverdig tilgang til medisinsk oppfølging, behandling og akutthjelp enten heime eller i eit lokalt helserom. I helseromma kan pasientar og pårørande ha ein konsultasjon med fastlegen, sjukehuslegen, spesialistar og fysioterapeut samtidig ved at helsepersonellet tar i bruk HoloLens-briller.

Postet:
2022-04-22 15:19:37

Delt innhold:
Bilete frå innlegget til Helse- og omsorgsdepartementet (Norge)