Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Eg har tidlegare uttrykt uro for den manglande interessen og forståinga for jordbruk i Høgre. Mellom anna har fleire reagert på at dei i Stortinget nytta omgrep som «mammagrisen». \n\nNo har det kome eit nytt døme - denne gongen om matjord. De ser kopi av ein merknad Høgre saman med Venstre har levert i ei innstilling til Stortinget. Her ser de tydeleg korleis det slår ut når partia: 1. ikkje har naudsynt fagkunnskap. 2. kritiserer regjeringa på autopilot. \n\nOm nokre Høgre eller Venstrefolk på Stortinget les dette. Så kjem det ei forklaring: \n\nJordvernmålet seier noko om kor mykje matjord ein maksimalt kan byggja ned i Noreg per år. Det vil altså seie at jo lågare talet er - jo sterkare er jordvernet. Det å gå frå maksimalt 3000 dekar nedbygging per år til 2000 dekar per år er ei skjerping. Ikkje som Høgre og Venstre trur at jo meir matjord ein har mål om å byggja ned - jo meir offensiv er politikken.\n\nSenterpartiet og regjeringa vil skjerpe jordvernet og auke ambisjonane. Det treng me ikkje støtte frå Høgre eller Venstre for å gjera.
Postet:
2022-04-04 08:59:22
Delt innhold: