Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
•. FrP fremmar framlegg og kraftfull tiltakspakke for transport, bygg og anleggsbransjen i Møre og Romsdal fylke!\n\nMøre og Romsdal fylkeskommune går med gigantisk overskot i drifta på 395 million kr. \n\nSituasjonen og konsekvensane med bakgrunn i Ukraina krigen er dramatisk for næringslivet i fylket. Det er også dramatisk at vi er vitner til at dagens regjering ikkje kompenserar næringslivet med ei krone for verken skyhøge straumprisar eller skyhøge drivstoffprisar.\n\nSpesielt transportnæringa, bygg og annleggsnæringa er spesielt hardt ramma av skyhøge drivstoffprisar, og auka kostnadnadar på viktige råvarer generelt.\n\nMøre og Romsdal fylkeskommune er ein stor oppdragsgjevar overfor desse næringane, ilag med alle kommunane i fylket.\n\nMøre og Romsdal FrP viser også til brev frå Maskinentreprenørenes forbund ( MEF) til kommunane ang samme sak, og fylkeskommunen må bidra så godt vi kan med dei grep som kan gjerast.\n\nMaskinentreprenørenes forbund viser til blandet anna sitat:\n\n«I pågående kontrakter og avtaleforhold der det ikke er avtalt regulering for pris og lønnsvekst, bør dette likevel innrømmes. Enten ved regulering etter egnet indeks, eller ved å gi vederlagsjustering for hele eller deler av merkostnadene som de økte drivstoffkostnadene medfører»\n\nDette innspelet er svært viktig å vere klar over, og faktisk gjere noko med.\n\nFrP fremmar fylgjande framlegg til fylkesutvalget sitt møte den 5/4 der rekneskapen for 2021 skal behandlast. \n\n1: Møre og Romsdal fylke er innstilt på å reforforhandle alle gjeldande oppdragskontrakter med transport, bygg og anleggsbransjen. Dette med tanke på dei skyhøge drivstoffprisane som har auka med meir enn 40% og generell kraftig kostnadsvekst. Dette for å forhindre konkurser innan bransjen.\n\n2: Møre og Romsdal fylkeskommune vil setje igang ein tiltakspakke med nye annleggsprosjekt innan bygg og samferdsel med ei ramme på 100 mill kr utover vedteke budsjett i 2022.\nDette skal brukast på nye prosjekt som kan startast opp raskt slik som gang og sykkelveg, trafikktrygging og mindre utbetringar av bygg og vedlikehold.\nFinansiering med bruk av disposisjonsfond.\n\nMvh\nMøre og Romsdal FrP\n\nFor ytterlegare kommentarar kontakt:\n\nFrank Sve: 46540320 eller\nGeir Stenseth : 90013952

Postet:
2022-04-02 10:22:08