Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Har svart ut innlegg frå «Møreaksen gjengen»\n- denne gongen frå innleid konsulent Alf Reistad.\n\nSMP framsnakkar som vanlig kun innlegget frå Møreaksen, at Sunnmøringane finn seg i dette er brått utruleg🤨\n\n—————//————————\n\nSvar til Alf Reistad .\n\n•. Landevegsrøveri på Møreaksen ?\n\n« Pr dato er det kun heile strekninga Ålesund- Molde på ferjefri E-39 som er grunnlag for 1 bompengeproposisjon i NTP»\n\nDet er fakta og ikkje fake news.\n\nSjølv statsråden i ei mindretallsregjering må forholde seg til Stortinget, og det er relativt klart kva Stortinget har peika på i denne saka.\n\n«Derimot vert sjølvsagt Møreaksen skrinlagt. Ikkje ei kr får dette prosjektet i statsbudsjett framover, og no skal også Statsministeren stoppe slike prosjekt pga krigen i Ukraina og behovet for anna pengebruk»\n\nSå er eg klar over at Statens vegvesen i sin komplette panikk for at Møreaksen forsvinn langt ned i ei skuff, forsøker kreative idear for å dele opp prosjektet.\n\nIkkje berre dele prosjektet, men utsette på ubestemt tid dei viktigaste strekningene frå Ålesund til Tresfjordbrua på E-136/39. Sjølve fjordkryssinga over Romsdalsfjorden er den strekninga mellom Ålesund og Molde som har lågast trafikktall, ca 2300 bilar i døgnet.\n\nMellom Ålesund og Digerneset opp mot 15000 bilar i døgnet og vidare til Sjøholt ca 7000 bilar i døgnet.\n\n«At Reistad som er tilsett konsulent av Møreaksen forkjemparane, er nok grunnlaget for at også han ser ut til å vere «sveiseblind» i saka»\n\nAlle vi andre, forstår at ein må byggje veg der det er størst behov, og då startar ein på Ålesund til Tresfjordbrua.\n\n«At Sunnmøringane og resten av fylket er bekymra for at dei må betale for Møreaksen som dei ikkje trenger, er ikkje spesielt merkeleg»\n\nAlf Reistad minkar ikkje akkurat den bekymringa, som aktiv tilsett konsulent som framsnakkar Møreaksen med slike innlegg.\n\nMøre og Romsdal fylkeskommune har brukt 7,5 mill kr av skattebetalarane sine pengar inn i Møreaksen. \n\nEg stiller spørsmålet.\n\n«Dersom skattebetalarane sine pengar blir brukt til å finansiere lobbykonsulentar for å framsnakke Møreaksen, bør desse pengane krevjast attende øyeblikkeleg»\n\nMvh\nFrank Sve\n1 Nestleiar i Transportkomiteen \nFraksjonsleder transport\nStortingsrepresentant \nFor FrP.

Postet:
2022-03-30 08:45:03