Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Søndag 27. mars besøkte statsministeren øvinga Cold Response 2022. Her er 30.000 soldatar frå 27 land og ei rekkje sivile etatar samla. Øvinga har vore planlagt lenge, og der øver Noreg på å forsvare landet mot ytre trugslar.\n\nStatsministeren starta besøket sitt hos Hæren. Der fikk han ei orientering om rolla til Nasjonalt landoperasjonssenter. Deretter besøkte han Artilleribataljonen og fregatten Thor Heyerdahl. Etter det blei det omvisning på feltsjukehuset til sanitetsbataljonen før dagen blei avslutta hos dei amerikanske styrkane i nærområdet, US Marine Corps.\n\n– Noreg har ein lang tradisjon som vertskap for større allierte og multinasjonale militære øvingar i eit krevjande arktisk klima. Cold Response 2022 er viktig for å teste dei allierte styrkane si evne til å forsterke Noreg i krise og krig, og vår evne til å ta imot og integrere desse styrkane som ein del av vårt eige nasjonale forsvar. Rask innsetting av allierte styrkar i krise og krig fordrar at styrkane er kjent med og trent i geografi og klimatiske forhold, og evner å operere saman med norske styrker, seier statsminister @jonasgahrs

Postet:
2022-03-28 13:25:42