Innlegg:
Saka om pelsdyrbøndene og måten Solberg-regjeringa har oppført seg mot dei går på tvers av både privat eigedomsrett, næringsfridom og rettstryggleik. \n\nDå H, Frp og V gjekk inn for forbod mot hald av pelsdyr kom det som eit sjokk på næringa. Stortingsgruppene til dei tre partia og seinare KrF gjekk i samband med regjeringsplattformene samrøystes inn for forbodet. \n\nI starten vart det hevda at dei ikkje hadde krav på erstatning - men at regjeringa ville tilby dei 360 millionar kroner. \n\nDette godtok ikkje Stortinget og i fleire rundar så prøvde Solberg-regjeringa å koma seg unna mesteparten av rekninga - men Stortinget sette skapet på plass. Gong på gong. \n\nEtterkvart gjekk Frp ut av regjering og vart med oss for å få på plass ei betre erstatning. Og våren 2021 gjorde me i Sp saman tre parti, som hadde røysta for forbod (Frp, Ap og SV), vedtak for å lyfta erstatninga. H, KrF og V ga i klare ordelag beskjed om at dei meinte erstatninga var alt for god. \n\nNo har vår landbruksministaren jobba med dei vedtaka som vart gjort og lagt fram ei sluttføring av erstatningane. No kan arbeidet med å utforme eit konkret tilbod til kvar einskild gard starte. Me vil ende på ei samla erstatning som er er mange gonger så høg som det Erna Solberg og hennar folk meinte var rett. \n\nEg vert både trist og irritert over kor dårleg H, KrF og V har oppført seg mot fleire hundre familier i Norge. Næringsforbodet var uforståeleg - resten har vore skammeleg. \n\nMange er nok framleis usikre fordi dei ikkje veit kva erstatning dei vil få. Det er baksida med individuell handsaming - men det vil gje det mest rettferdige resultatet. \n\nDette er ikkje ei gladsak. Det er ei trist sak. Å stå frem med sine personlige historier har kostet mykje for mange. Det at det gjorde det er avgjerande for at me har kome såpass langt som me har.
Postet:
2022-03-26 17:19:51
Delt innhold:
Sluttføring av erstatningsoppgjøret til pelsdyroppdrettere
Stortinget vedtok i juni 2021 endringer i reglene om økonomisk kompensasjon etter lov om forbud mot hold av pelsdyr. Samtidig fattet Stortinget to anmodningsvedtak til regjeringen om praktisering av erstatningsordningen.