Person / Aktør:
Margret Hagerup
Margret Hagerup
Parti: H

Innlegg:
Firdaposten var med oss i Florø forrige uke for å skrive om hvordan vi kan inkludere enda flere i arbeid eller aktivitet 💙\n\nImponert over det gode og målrettede arbeidet som gjøres hos Origod AS. De er virkelig en bro til arbeidslivet! \n\nHer kan dere lese hva de skrev etter besøket: \nOrigod starta veka med besøk frå lokale og nasjonale politikarar som vil forsøke å få til fleire tilrettelagde arbeidsplassar.\n\nI desember i fjor fremja eit knippe stortingsrepresentantar, mellom dei Margret Hagerup (H) eit framlegg der dei bad regjeringa sørge for at det blir utvikla betre modellar for oppfølgjing i varig tilrettelagt arbeidsplassar. Framlegget fekk fleirtal, og måndag var Hagerup, saman med mellom andre Olve Grotle og Bjørn Hollevik på besøk på Origod i Florø.\n\nTo av tre står utanfor\n- Nedsett funksjonsevne er ikkje det samme som manglande arbeidsevne. Målet vårt må vere at alle som kan og vil, får jobb. Fleire må få delta i fellesskapet, bidra til verdiskapinga og oppleve arbeidsglede og meistring, poengterte Hagerup.\nUnder den førre regjeringa blei det mellom anna oppretta 3000 fleire varig tilrettelagde arbeidsplassar, slik at ein no har totalt 12.000 slike arbeidsplassar for menneske med nedsett funksjonsevne. Det er historisk mange, men framleis står to av tre personar med lettare utviklingshemming utanfor. Representantgruppa frå Høgre, Venstre og KrF fremja difor forslaget som ein håpar skal gi fleire arbeidsplassar og betre oppfølging.\n\nEin bør sjå på om også andre aktørar enn Nav kan vere ansvarlege for oppfølgjinga, og det blir streka under at tilrettelagt oppfølgjing for personar med utviklingshemming i ordinært arbeidsliv må vere av varig karakter, og ha eit omfang tilsvarande det som blir praktisert i HELT MED-modellen (sjå faktaboks).\nDagleg leiar Petter Refsnes i Origod fortel at dei i Florø og Førde har til saman 92 tiltaksplassar. 30 av desse er i tiltaket VTA (varig tilrettelagt arbeid), medan dei resterande 62 er i tiltaket AFT (arbeidsførebuande trening).\n- Plassane vi opererer med er på vegner av NAV. Det er alltid fullt belegg i desse tiltaka, og NAV brukar plassane heilt ut fordelt på Førde og Florø.\n\nVil senke terskelen for å seie ja\nRefsnes fortel at dei stort sett alltid har eit par stykkar på ventelista, men at det i samarbeid med NAV blir regulert.\n- Det skal jo vere ein viss sirkulasjon i dette, og folk skal vidare i ordinær jobb. Det er ikkje slik at ventelista er på 30 personar, seier Refsnes.\n- Utfordringa i dag er at mange arbeidsgivarar vel å ikkje gi folk sjansen, fordi ein gjerne er usikker på om ein har ressursane og kompetansen til å følgje den tilsette godt nok opp. Gjennom Helt Med-modellen får den enkelte tettare og varig oppfølgjing frå jobbspesialistar. Dermed får arbeidsgivar betre støtte, slik at terskelen for å seie ja blir seinka. Det gir også meir tryggleik for den enkelte, som dermed klarar å bli ståande i jobb og meistre over tid, meiner Olve Grotle frå den lokale stortingsbenken.\nBjørn Hollevik roste Origod og streka under at dei er ein stor ressurs for industrien og for Florø Næringsforening.\n- Dei har mange faste oppgåver, men er det noko som skjer, så fiksar dei det. Dei er proffe og eit naturleg førsteval.\nHELT MED\n■ Stiftelsen HELT MED skal bidra til mangfald og inkludering ved at det blir oppretta arbeidsplassar for menneske med utviklingshemming. Vidare skal HELT MED bidra til at målgruppa får bistand til å bli rekruttert inn i desse jobbane og får tilstrekkeleg oppfølgjing og opplæring, slik at arbeidsforholda blir mest mogleg vellukka.\n- Skape arbeidsplassar - Rekruttering - Oppfølgjing - Kvalitetssikring ■ Stiftelsen HELT MED er ein ideell organisasjon registrert i Stiftelsesregisteret og Frivillighetsregisteret. Stiftelsen HELT MED har ingen mva-pliktige aktivitetar. Inntektene er utelukkande baserte på private og offentlege tilskot. For 2020 inneber det midlar frå Stiftelsen Dam og øyremerka midlar over statsbudsjettet, via Bufdir.\n■ Stiftelsen HELT MED er oppretta av Stiftelsen SOR, men er en sjølvstendig, uavhengig organisasjon med eige styre.\nFRÅ VENSTRE: Petter Refsnes, Trine Hovland, Olve Grotle, Bjørn Hollevik, Kari-Anne Jønnes, Torleif Hjermann, Margret Hagerup og Arnhild

Postet:
2022-03-25 09:26:22

Delt innhold: