Innlegg:
I dagens Politisk kvarter var temaet kva vi skal gjere med dei høge drivstoffprisane. Det same var tema i Debatten på tysdag. Mi og Venstre si løysing er å gje folk meir pengar mellom hendene gjennom breie, sosiale skattelettar. Dette skriv eg også meir om hos Minerva denne veka. For dei som ikkje har abonnement, så deler eg teksten her:\n\n--- \n\nTID FOR SKATTELETTE\n\n«Alt» blir dyrare framover. Det politiske svaret bør vere å la folk behalde meir av si eiga lønsinntekt.\n\nDå straumprisane gjekk gjennom taket i haust, kom det rettmessige krav om at staten måtte gje hushaldningane ei hjelpande hand. Når ein faktura går frå 2000 kroner i månaden til 10 000 kroner i månaden, slår det hardt inn i heilt normale familieøkonomiar. Når desse pengane i tillegg i stor grad går rett inn i offentlege kasser gjennom moms, skatt og utbyte frå kraftselskapa, var det både økonomisk handlingsrom og eit moralsk ansvar for det offentlege å avhjelpe situasjonen.\n\nSidan nettselskapa har full oversikt over kven som er kraftkundar, kva dei betalar og kva som er kraftprisen, var det mogleg å lage ei målretta ordning for å treffe alle som treng det. Der ordninga ikkje treff, har det vore eit medvite politisk val (til dømes fritidsbustadar). Sjølv om ein kan kritisere regjeringa for å kome seint på bana, og for enkelte uheldige sider ved ordninga, er den trass alt rimeleg fornuftig. Når staten tar 80 prosent av kostnaden over 70 ør/kWh, er dette eit monaleg bidrag til å senke kostnadane – utan å heilt øydelegge samspelet mellom tilbod og etterspurnad som gjer at prissignalet framleis får fungere som rasjoneringsmekanisme.\n\nNo er vi på veg inn i ein situasjon der nesten alt blir dyrare. Drivstoffprisen har allereie eksplodert, matvareprisane er på veg opp og stigande inflasjon saman med mangel på arbeidskraft og varekjede-uro i heile verda vil kunne føre til høgare prisar på det aller meste her heime. Dette er i høgste grad noko både vanlege og uvanlege folk kjem til å merke. Når kostnaden på å fylle dieseltanken går frå 800 kroner til 1500 kroner, merkar du det på kontoen. Det same gjer du når handleposen frå Bunnpris ikkje lenger kostar 400 kroner, men 650 kroner. Slik kan eg halde fram.\n\nKrava om at politikarane skal gjere noko kjem til å vekse i styrke dag for dag. Det kan føre til mange dumme og dårlege løysingar. Skal ein gjere noko med drivstoffprisane, er det nærliggande å kutte i miljøavgifter som vegbruksavgifta og CO2-avgifta. Skal ein gjere noko med matvareprisar, er det nærliggande at vi får eit frykteleg dyrt jordbruksoppgjer (som igjen må betalast av skattebetalarane). Og tar ein først slike grep, er dei frykteleg vanskelege å reversere igjen. Kan vi sjå for oss at finansminister Trygve Slagsvold Vedum gjennomfører ein ekstraordinær auke i CO2-avgifta for drivstoff seinare fordi han kutta den i krisetider? Kan vi sjå føre oss at han gjennomfører eit nulloppgjer for bøndene, sidan dei fekk så mykje i fjor? Neppe. Slike løysingar blir fort varige, noko som kan øydelegge for andre viktige mål som klimamål, eller permanent drive opp dei offentlege utgiftene og forsterke inflasjonen.\n\nDessutan er det vanskeleg å få slike spesialordningar til å treffe godt. For det første vil senking av sjølve prisane kome alle likt til gode – også dei som har svært god råd. For det andre vil auka prisar på mange varer og tenester vere nær sagt umogleg å kompensere for direkte, sidan det offentlege ikkje har ei rolle å spele i prissetjinga eller nokon særskilt inntektsstraum frå salet.\n\nDet er likevel etter mitt syn ikkje tvil om at noko bør gjerast. Både fordi det er politisk klokt (folk vil krevje at regjeringa foretar seg noko) og fordi det er faktisk klokt (svekka kjøpekraft for folk flest bør neppe vere eit mål).\n\nDet finst eit nærliggande alternativ til at folk får dårlegare råd: Å la dei behalde meir av si eiga lønsinntekt. Også kjent som skattelette.\n\nDette er kanskje ikkje det mest nærliggande verktøyet å gripe til for ein statsminister som har gått til val på å auke skattane, ikkje senke dei. Og for ei traudgrønt fleirtal som har brukt åtte år på å polemisere mot «skattekutt for de rike», og som byggjer veldig mykje av si politiske sjølvforståing på at folk må bidra meir til fellesskapet.\n\nDet bør likevel vere mogleg, også for ei raudgrøn regjering, å gjennomføre ekstraordinære skattelettar i ein ekstraordinær situasjon. Det er liten grunn til å tru at kostnadsnivået på energi og andre varer skal varig opp. Anten vil ting normalisere seg fordi krigen i Ukraina tar slutt. Eller så vil vi finne ei ny likevekt etter kvart som verdsmarknaden tilpassar seg Russland sin nye status som pariastat.\n\nMen her og no er det ingen tvil om kva som skjer. Verda blir utsatt for eit økonomisk sjokk, og vanlege folk vil måtte betale prisen. I eit land som Noreg vil staten få store inntekter som følgje av auka momsinngang på drivstoff og straum, utbyte frå kraftselskap med meir. Så mest truleg vil det vere budsjettmessig handlingsrom til å hente inn noko mindre inntekter gjennom skatt. Og uansett kan det ryddast rom i budsjettet gjennom å utsetje ein del av regjeringa sine svært kostbare løfte (som billegare tannhelse og SFO) eller svært kostbare og i tillegg svært dumme løfte (som oppløysing av fylkeskommunar).\n\nGjennomføringa av mellombelse og ekstraordinære skattelettar bør gjerast på ein mest mogleg sosial måte. Det er trass alt dei med lågare inntekter som blir råka hardast av auka kostnadar. Då er det nærliggande med ein kraftig auke av minstefrådraget, som treffer alle – men som lar dei som har minst sitje igjen med mest. Dette bør gjerast raskt – seinast i revidert nasjonalbudsjett i mai, slik at folk får tryggleik for familieøkonomien i tida framover. Så kan ein gjere vedtaket for skatteåret 2022, og signalisere at det vil bli vidareført i 2023 dersom den økonomiske situasjonen ikkje endrar seg.\n\nÅ gi skattelette er inga perfekt løysing på situasjonen vi er på veg inn i. Det gir staten mindre inntekter til å bruke på ulike satsingar. Det vil treffe dei fleste, men ikkje absolutt alle. Og det vil gjere at du kjem ekstra godt ut om du til dømes har låge drivstoffkostnadar eller lite forbruk for øvrig. Men av alle løysingar i arsenalet til Trygve Slagsvold Vedum, er nok ein generell og mellombels skattelette den minst dumme. Som vil få færrast negative konsekvensar på sikt. Og som vil gje folk meir pengar på konto her og no. Det er berre å trykke på knappen.
Postet:
2022-03-17 08:35:41