Person / Aktør:
Helge André Njåstad
Helge André Njåstad
Parti: FRP

Innlegg:
Mitt debattinnlegg i Marsteinen om strandsonesebatten:\n\nStrandsonepolitikk er viktig\n\nDet er flott at Marsteinen skaper debatt om strandsonen vår. For FrP er JA-kommunen viktig. Det handlar om å seie ja til alt det ikkje er ein god grunn å sei nei til. Dette har me med oss i alle møtene me er på i planutvalg og kommunestyre.\nDet er rett som Inge Halstensen seier at strandsonen til Austevoll er vår store komparative fordel. Det er den som har skapt Austevoll til Austevoll og det er den som kan trygge oss som eit godt samfunn vidare og. Men då trengs det ein fornuftig politikk på området. Den må lagast i Austevoll av austevollingane og ikkje på eit kontor i Bergen eller i Sogn av ein statleg byråkrat.\nFor FrP er det viktig å skille mellom ulike typar strandsone. Der svaberga ligg flotte og austevollingane badar og grillar om sommaren er ein type strandsone. Den er viktig å ta vare på og viktig gjera open for alle. Derfor engasjerte eg meg masse i friluftsliv og tok initiativ til at me skulle kartlegge flotte friluftsområder og sikre desse for alle. Kombinert med stor satsing på turstiar i same tidsrom har Austevoll no mykje meir å by på enn før. Og folk likar å vera aktive og være ute i naturen.\nDette kan me klara samtidig som me kan sei ja til å bygge på den strandsonen som ikkje er tilgjengelig. Der haug og hammar dominerer og ikkje verken austevollingar eller byfolk har sett sin fot. Det er slik strandsone me har mest av. Denne meiner FrP det kan vera gode grunner å bygge ut. For å gje alle austevollingar tilgong til sjø gjennom flytebrygger eller naust. Ikkje bare dei rike eller dei som har arva seg ein rett.\n\nDet er og god familiepolitikk å sikre at folk som er født her kan få bygge seg eit bygg og framleis ha tilknytning til heimkommunen og familien. Dette har eg sett tydeleg med den JA-haldningen FrP gjennomførte i Austevoll før at mange familiar finner gode løysingar. Og så dukker alltid argumentet om at strandsonen då blir privatisert. For det fyrste er strandsonen allereie i privat eige. Og når det er tilrettelagt og lagt til rette opnar dette opp strandsonen for mange. Familie, venner og vanlege folk som kjem forbi. Folk som koser seg i strandsonen i Austevoll er faktisk gjestfrie og hyggelege.\n\nDet er viktig for Austevoll-samfunnet å gje folk tilgang til sjø. I ein øykommune der alle næringsliv er tilknytta sjø treng våre ungdomar å lære seg sjømannskap, lære seg å symje osv. Ingenting gleder meg meir å sjå enn unger som kjører gule, grønne og blå båtar langs rorbuer kommunestyret har godkjent. Det gjer meg optimistisk på framtida. Og eg ser mange har besøk i desse rorbuene. Det myldrar av liv og strandsonen er opna opp. Før disse rorbuene kom var det ingen i desse områdene. Ingen.\n\nSå er det viktig for Austevoll å sikre næringslivet areal. Og som kongen i Københamn sa i 1648 når han plukka ut Bekkjarvik til eit av fleire kremmerleier. Bygg så nære søen som mulig. Dette fordi sjøen den gang som no var det som bant oss saman. Næringslivet vårt skal utvikle seg og då må kommunen sikre areal. Og vårt næringsliv treng å snu seg rundt raskt og har ikkje tid å vente på kommuneplanar som tar 8 år å endre. Dei må gripe mulighetene når dei er der.\nDei trenger lokale politikarar som er på lag. Dei trenger ein kommune som ynskjer vekst og utvikling og som møter og rettleder innbyggjarane og næringslivet på kva som er mulig. Kommunen må alltid vita at dei er til for austevollingane og ikkje statsforvaltaren.\n\nDen politikken Austevoll har hatt i strandsonen sidan årtusenskifte har tent oss godt. Me har fått mange flotte områder langs sjøen som pyntar opp, mange fleire enn før har fått tilgang til sjø, friluftsområder og turområder blir meir satsa på, dei flottaste områda blir ikkje nedbygd men utvikla. Dette er ein politikk me treng meir ikkje mindre av.

Postet:
2022-02-25 14:45:56

Delt innhold: