Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Samferdselsministeren feilinformerte!\n\nSpørsmål til ordinær spørjetime og til Samferdselsministeren.\n \nDet kan sjå ut til at Samferdselsministeren har feilinformert underteikna, med bakgrunn i at han har slått fast at trasevalget for heile strekninga E39 Ålesund-Molde er gjennomført. Det er åpenbart at dette ikkje er tilfelle, og der både strekninga Digerneset til Ørskogfjellet og andre strekningar IKKJE er gjennomført og langt ifrå fastsatt, og er i desse dagar ute på høyring frå Statens vegvesen. Korleis det er praktisk mulig at Samferdselsministeren kan konkludere med at Møreaksen er betre utnyttelse, kostnadsanslag osv kontra Romsdalsaksen når store delar av strekninga Ålesund til Bolsønes overhode ikkje er kome lenger enn til «tankestadie» i Statens vegvesen sine prosessar.\n \nFølgjande spørsmål er sendt ministeren, og eg ser fram til svaret.\n\nUnder er beviset som viser at Samferdselsministeren har feilinformert.\n\n———————//———————//———————-\n \nSamferdselsutvalget i Møre og Romsdal behandla høyring på trasevalg for ny E39 del Digerneset til Ørskogfjellet den 27/10-2021. Her er mange alternativ og fylket er sterkt kritisk til prosessen.\n \nSamferdselsministeren har i svar til underteikna i fleire spørsmål slått fast at trasevalget var tatt for prosjektet, og dette danna grunnlaget for eit kostnadsanslag på ca 24 milliard kr.\n \nNå viser det seg at Samferdselsministeren har feilinformert, og eg krev ei forklaring på dei manglande kunnskapane til statsråden ang prosjektet?

Postet:
2022-02-16 12:08:30

Delt innhold: