Person / Aktør:
Jorodd Asphjell
Jorodd Asphjell
Parti: AP

Innlegg:
Prestegårdens Venner Orkdal deler dette kåseriet av Birger Foseide🌺 Takk for et så fint bidrag til historien om Orkdal Prestegård🤗

Postet:
2022-02-12 14:29:51

Delt innhold:
Prestelånna på Grøtte🌺\n \nPå 1100-tallet var det bygd kyrkje på garden Gryting eller Grøtte som vi seier i dag. Når det var prestegard her, veit eg ikkje. Men Edvard Meyer var sokneprest her for 300 år sidan 1692-1716, og prost Skrondal, som har skrive Orkdalsboka, meiner han bygde om eller bygde heilt ny hovudbygning på prestegarden. Det er bilde av denne Meyer i koret i kyrkja t.h. saman med hr. Joen med familie. Meyer bygde prestegardsbygningane i eit sirleg regulert kvadrat, med hovudbygninga aust-vest i to høgder med port og kjøreveg gjennom. Det var i denne hovudbygninga det skjedde eit mord eingong. Ein student hadde preika i kyrkja, og var på besøk i prestegarden etterpå same søndagen, og sat og snakka med prosten Meyer i daglegstova. Det var sommar og opne vindauge, og ein kaptein i militæret, Allis Gutt, stakk ned og drap denne studenten gjennom vindauga på prestegarden. Sokneprest, Meyer og andre som såg hendinga vitna i retten, og det førte til at kapteinen skulle miste hand og hovud. Men kapteinen bad sjølv om heller å bli skoten, og det vart han. På Munkholmen. Dette var slutten av 1600-talet. Altså 300 år sidan.\n \nFørst på 1800-talet var det ein prest som heitte Jonas Frost som var sokneprest her i Orkdal og budde på Grøtte. Han var 65 år gamal då han kom til Orkdal og var prest her i 20 år. Han sat i embetet til han var 85 år gamal. Han var nokså veikhelsa dei siste åra han var i embetet, skriv Kåre Rogstad om han i jubileumsboka. Den gamle stolen med armlener og hjul som står bak kyrkja, seier Jon Fredrik Skauge var stolen som den gamle Jonas Frost brukte under gudstenester. Han vart trilla fram og tilbake i denne stolen.\n\nEin kan lett førestille seg at det var stillstand i vedlikehald og bygging på prestegarden i hans tid. Han budde altså i den gamle prestegardslåna som var (om-)bygd i Meyers tid.\n\nMen i 1846 kom Tynsetpresten Andreas Lee Bull hit. 22 år hadde han vore på Tynset og Alvdal, var idrettsmann og styggeleg sterk. 45 år gamal kom han til Orkdalen. Folket samla seg i kyrkja. Konventikkelplakaten vart oppheva i 1842 og lekpredikantane sitt hundreår begynte. I orkdalen tok den nye presten dei under sine venger og det vart store vekkingar. Andreas Lee Bull var sjølv misjonsmann og prøvde kanskje å starte misjonsforeining i prestegarden allereie i 1847 – iallfall var det eit misjonsmøte i prestegardslånna da. Det kunne vere over 400 nettverdgjestar i på ei gudsteneste denne tida. Alle hørte presten utan høgtalarar. Andreas Bull (eller Boill som dei kalla han i Orkdalen) preika så høgt at hans røst kunne høyrest av titusener, skriv presten Lars Johansen Wormdal i ei bok frå 1917! Futen gav presten æra for at kriminaliteten gjekk kraftig ned! Wormdahl skriv også sjølvopplevd frå ein juledag med Bull i orkdalskjerka, der presten ropar med sin veldige røst som kunne høyrest av titusende: Er Jesu kommen til denne høitid. Er han født i eders hjærter?\n \nEtter 3 år som sokneprest vart han ordførar i bygda og var det i 8 år – den første og siste presten orkdalingane ville ha som ordførar.\n \nI 1854 var prestegardslånna bygd. Presten Bull tok sjølv del i arbeidet. Tømmerstokkane skulle ryddast på to sider og då måtte stokken leggast over to bukkar. Prosten tok åleine rotendane på tømmerstokkane, medan to tømrarar tok toppendane!\n \nLånna var bygd slik som ho er i dag. Ein kan lure på kvifor Bull fekk bygd eit hus som skulle vere eitt av dei breiaste, og iallfall høgaste i bygda. Han førte ein hard kamp med kyrkjedepartementet som meinte det var altfor stort. Men Bull fekk viljen sin. Korporal Ole Rømmesmo tok på seg byggearbeidet mot at han fekk gammalhuset blant anna. Og den gamle hovudbygninga var oppført på Bårdshaug og det er vel den Borgsstua som står der no etter det Grunnar Lysholm seier. Låg det litt stormannsgalskap bak når presten ville bygge så stort? Eller var det fordi han var klar over at han ikkje bygde eit privathus, men eit offentleg bygg som skulle huse prestekontor og brukast i menighetens teneste? Kva var meininga med dei to store salane oppe og nede på 50 kvadratmeter i austenden? 6 vindauge nede, oppe er to berre påmåla. Salen opp var kanskje ballsal. Det var nokså vanleg på herregardar på Austlandet at det var ein ballsal i andreetasjen. Og det var venleg med stort selskapsliv i dei gamle prestegardane. Men eg trudde det var meir vanleg enda lengre tilbake i tida enn 1850-åra. Det store rommet nede var kanskje møtelokale når biskopen kom på overhøyring? Kanskje var det også kommunale møte der. Sokneprest Bull var ordførar då låna vart bygd, og soknepresten var fast medlem i fattigkommisjonen og skulestyre. Det er seks soverom i andre etg. Men Bull hadde 8 tenestefolk og 5 husmenn. Garden var på 268 mål åker og eng++ Ellers tok han seg av to gamle hjelpelause tenestefolk, den eine blind og var 90 år og den andre døv. Då var det bruk for alle romma. 21 menneske til bords når husmennene var på arbeid på garden. I dag er det to til bords.\n \nPå prestegardane i Norge har det frå gammalt av vore mange gjester og stor selskapeligheit, og mange offentlege møte, og offentlege tenestefolk har vel overnatta i prestegarden her på Grøtte òg. Men dei siste 150 åra har det komme til nye ting: misjonsmøte, og etter kvart menighetsrådsmøte og komitemøte av forskjellig slag ettersom demokratiet var innført i kyrkja også, og det var andre enn presten som fekk ansvar og tok oppgåver. Det var jo her i huset prestekontoret var. Så seint som Skrondal brukte vel det store kontoret på 50 kvadrat! Det var vel ikkje før i Rogstads tid at prestekontoret vart flytta ut av prestegarden til kommunesenteret på Bårdshaug. Og det var vel berre eitt rom som prestane disponerte der, så det var nok ein del besøk på kontoret her i prestegarden både på Rogstads og Fagerlis tid. Prestekontoret var iallfall her. Det var først når kyrkjekontora kom i menighetshuset at det vart eit kontor for kvar prest, og då vart kontoret her i huset mest berre som eit heimekontor. Korleis det blir med prestegarden framover, er vanskeleg å spå. Hos yngre prestar er det nok snart fleirtal mot buplikta for prestar i prestegardane. Kanskje blir det frivillig om presten bur i prestegarden eller i egen bustad. Då blir kanskje eg den siste presten som bur her. Iallfall viss eg blir i embetet til eg blir 85 år! Kanskje diakon eller organist bur her. Kanskje blir huset selt på det opne markedet?\n \nHuset kunne jo ha vorte eit triveleg menighetshus. Eg veit ikkje kor sterk den tanken var inne i den prosessen.\n\nEller kanskje skal vi flytte prestekontoret tilbake hit. Vi har innsett ein ny medarbeidar i menighetene i dag. Det trengst fleire kontorplassar på kyrkjekontoret. Somme snakkar om å bygge på kontorfløyen. Viss heile prestegardslånna var ombygd til kontor, så kunne det bli plass til mange her i huset. Presten kan jo skaffe seg hus sjølv, han, som anna folk.\n \nMen førebels har prosten i Orkdal plikt til å bu her i huset som sin tenestebustad. Det er eit freda tun her på Grøtte. Men eit fredingsvedtak kan sjølvsagt omgjerast ein gong. Det er ikkje mange prestegardar som Opplysningsvesenets fond eig lenger. Det er mange som er seld til private eigarar. Eg trur at styret for fondet, dei var forresten på synfaring her i vår, dei vil bruke mykje pengar på å halde gardsdrifta i hevd og bygningane i skikkeleg orden på dei 43 (?) gardane som dei framleis styrer over. Her på Grøtte heng prestegard og prestebustad tett saman i eit historisk tun, og det er vanskeleg å tenke seg at desse blir skilt frå kvarandre i to eigarar. Viss prestegardsjorda og driftsbygningane på prestegarden blir selt, så følger nok prestelånna med. Då kjem presten til å bu ein annan stad i bygda, og ein mange hundre år lang tradisjon med at presten bur attmed orkdalskjerka på garden Grøtte blir avslutta.\n \nDette kåseriet vart framført Søndag 29. august i 2004 av Birger Foseide med ca. 45 deltakarar under kyrkjekaffi i prestegardslånna i forbindelse med feiringa av at lånna rundet 150 år!.