Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP
Innlegg:
Pelsdyrsaka burde vera ein vekkar for Høgre og Frp. Heilt ut av det blåblå gjekk dei for nokre år sidan inn for ein ide frå Venstre om å innføra eit forbod mot hald av pelsdyr. Etter dette brukte dei tida til å ikkje syte for ei skikkeleg erstatning. \n\nDet har vore spurt om kva næring som er den neste. No er svaret her: Det er svinenæringa. Frp og H har saman med Sv, Raudt og MdG kasta seg på eit framlegg frå Venstre om skjerpa krav til svinenæringa. \n\nI innstillinga viser partia Frp, H, SV, MdG og Raudt til innspel frå 1 høyringsinstans: Dyrevernalliansen. \n\nHeilt utan noko vurdering av kostnader og nytte vedtek dei at regjeringa skal stille aukte krav til produksjonen. Det er viktig for dei at dette kjem før regjeringa kjem med ei kunnskapsbasert stortingsmelding om dyrevelferd. \n\nOg dei går og i den klassiske fella: Når det kjem fram at einskilde bønder ikkje held seg til reglane så er det ikkje slik at det å skjerpa reglane er svaret. \n\nDet er urovekkande for norsk matproduksjon at ein til trass for særs høgt nivå på dyrevelferden må forhalde seg til nye krav ut frå innfallsmetoden.
Postet:
2022-02-10 10:30:27
Delt innhold: