Person / Aktør:
Frank Sve

Innlegg:
Greit nok at eg rotar meg bort i bokmål i ny og ne, men Samferdselsministeren og nynorsk var litt spesielt ja 😉\n\nEllers klarte statsråden overhode ikkje å svare på korleis regjeringa kan stille seg bak og konkludere i ei sak der verken Ålesund til Vik er avklart trasé eller prosjektert, likeså frå Julsundet inn til Molde og tunell forbi Molde til Bolsønes.\n\nIkkje avklart trasé, ikkje prosjektert og korleis i alle dagar dei då kan vite prisen ang dette sant grunnlag for bompengar kunne statsråden sjølvsagt ikkje svare på.\n\n- her vart det både stamming og fossroing som vart teken i bruk av ein tydeleg ubekvem samferdselsminister 🤨\n\nMøreaksen blir aldri bygd , kunne ikkje svare på korleis 16 km med undersjøisk tunell kunne bli betydeleg billigare på Møreaksen enn Rogfast som STVV har alle erfaringstalla frå nyleg.\n\nRett og slett berre «tenk på eit tall» 😡

Postet:
2022-02-09 14:53:09