Person / Aktør:
Barne- og familiedepartementet (Norge)
Barne- og familiedepartementet (Norge)

Innlegg:
– Stopp netthatet! La oss våga å stå imot hat, hets og mobbing – særleg for dei unge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe. \n\nEin viktig bodskap på #SaferInternetDay2022

Emneknagger:

Postet:
2022-02-08 14:15:30

Delt innhold:
Stopp netthatet! 🧡🧡Det er ikkje alle som tør å ytre seg på nett. \nDet kan eg forstå. Ein av fire unge har opplevd hatprat på nett. Mange unge opplever å få ekle kommentarar. Både frå andre barn eller vaksne.\nEg høyrde om ei ung jente som hadde ytra seg på sosiale media om ei sak. Ho fekk mange kommentarar på hennar utsjånad, alder og kjønn. Då ho bladde gjennom såg ho at det var ein som hadde tatt til motmæle.\nDen eine personen var nok til å gje ho håp.\nLa oss våga å stå imot hat, hets og mobbing – særleg for dei unge.\nDer har vi som vaksne eit ansvar. Både for å oppføre oss skikkeleg, men òg for å vise støtte og solidaritet med ungdommen når dei ytrar seg.\nVi treng å høyre kva dei unge tenkjer og meiner. Deira stemme er verdifull. For samfunnet, og for den offentlege samtala.\nVi treng unge stemmer – også på nett!