Person / Aktør:
regjeringen

Innlegg:
Heldigvis er NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani trygt heime igjen etter at dei vart arresterte på jobbreise i Qatar. Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen møtte journalistane på Marienlyst. - Arrestasjonen i Qatar er uakseptabel. Dette kan verken Norge eller verdenssamfunnet akseptere. Det som skjedde i Qatar er ei krenking av integriteten til journalistane og eit anslag mot den redaksjonelle uavhengigheita som NRK og media generelt er heilt avhengig av for å kunne utføre sitt samfunnsoppdrag, sa @trettebergstuen

Postet:
2021-11-26 10:06:41