Person / Aktør:
Per Sandberg
Per Sandberg
Parti: FRP

Innlegg:
ETTER EIT FERDAMINNE I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv, -trur eg. Eg skal aldri feriera med mobil i sivil -trur eg. Eg skal aldri skråla fakenews i rødvinsrus, men fortelja truverdige historiar om Persia og åndelege hus, -trur eg. Kvinnfolk med foretak i både fisk og export skal eg sky som bare fan, -trur eg. Gå vyrdeleg forbi dei som ein staslig råd høvar -trur eg. Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring, og drikka berre kaffe medan drøset går om lite sensitiva ting, -trur eg. Det skal ingen meir få sjå meg pussywipped på lysaste dag, koma ruslande med flir og sanselege hvin, -trur eg. Eg skal legga meg når Erna går til kvile, og stå opp når Store Ting kallar i tidlig morgonsol, -trur eg. Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt, Taka striden upp mot kjønn, kvitlauk og den heile develsmakt, -trur eg. Men i dag lyt det få vera, for eg har so spøkje lyst, at eg må ha ei ferie og boltra meg på fyrst, -trur eg.

Postet:
2018-08-06 08:54:36