Innlegg:
Aftenposten har i dag publisert ei sak om at eg skal ha betalt mindre skatt enn det eg plikta å gjere i perioden 2013-2017 då eg var stortingsrepresentant første gong. Eg har svart på alle spørsmåla dei hadde, men sidan dette har blitt ei relativt stor sak vil eg gjerne få understreke følgjande:
- Eg har aldri forsøkt å unndra meg skatteplikt, eller på nokon måte tilpasse busituasjonen min for å minimere ei skattebyrde.
- I den tidsperioden vi her snakkar om, etter at eg som 26-åring noko overraskande vart vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane, eigde eg ingen bustad i Oslo eller andre plassar. Eg var folkeregistrert hos mine foreldre på Nordfjordeid, der eg også sat i kommunestyret. Eg var deltidsstudent i Bergen, der eg også hadde kjærast. Og som stortingsrepresentant budde eg i ein av Stortinget sine leilegheiter i Oslo, slik eg fekk tilbod om då eg vart vald inn.
- Stortingsadministrasjonen som “arbeidsgjevar” var dei som rapporterte om forholda mine til skatteetaten. Eg la ganske enkelt til grunn at måten dei gjorde det på var korrekt, og at det som var av skattepliktige ytelsar inngjekk i rapportinga, det vere seg for løn, mobiltelefon, kostgodtgjersle, bustad eller andre ting.
- Dei siste vekene har det kome fram at skatteetaten og stortingsadministrasjonen har hatt ulikt syn på i kva grad ein slik pendlarbustad er skattepliktig når ein er folkeregistrert ein annan stad, men ikkje har andre buutgifter.
- I lys av dette tok eg i førre veke kontakt med stortingsadministrasjonen for å få klarleik i korleis desse reglane no er å forstå, og i kva grad det påverkar min situasjon tilbake i tid. Eg har fått beskjed om dei kjem tilbake til meg.
- (Og for dei som måtte lure er min noverande busituasjon følgjande: Eg leiger ei leilegheit i Bergen, og eig ei leilegheit i Oslo. Begge to kostar eg fullt ut sjølv)
Den klargjeringa av praksis og gjennomgang av saker bakover i tid som Stortinget no vil gjennomføre kan, som Aftenposten rapporterer, medføre at eg må betale eit betydeleg beløp i skatt for dei fire åra det er snakk om. Det vil eg i så fall sjølvsagt rette meg etter. Det er likevel viktig for å meg å understreke at eg har vore i god tru heile vegen, og aldri har forsøkt å unndra meg skatt. Eg har ganske enkelt fulgt regelverket, slik det har blitt forklart meg.
Den informasjonen Aftenposten har avdekka dei siste vekene har såleis kome som ei like stor overrasking på meg som på alle andre. Det er like fullt bra at det har skjedd. Stortinget er avhengige av tillit, og då må ein sjølvsagt følgje lovene ein sjølv vedtek til punkt og prikke. Slik sett vil eg takke Aftenposten for godt journalistisk arbeid. Så får eg gjere mitt beste, i samråd med stortingsadministrasjonen og skatteetaten, for å finne ut av korleis dette påverkar mine eigne privatøkonomiske forhold.
Postet:
2021-09-22 16:24:19
Delt innhold:
Rotevatn (V) har betalt for lite skatt på pendlerboligen. Vi har regnet ut hvor mye det kan være snakk om.
Også KrFs finanstopp Tore Storehaug har betalt for lite skatt på stortingsleiligheten. Totalt dreier det seg om minst 400.000 kroner for de to politikerne.