Innlegg:
Ein valkamp for heile landet.
No er valkampen i innspurten. I månedsvis har ein lytta, sett og prata. Møtt fantastisk mykje bra folk og hatt opplevinger ein ikkje kjem til å gløyma. Dei enkle tinga er det som sit best att: Møte med engasjerte folk over ein kopp kaffi anten det er på ein sjukeheim, eit oppdrettsanlegg, i skogen eller på ein traktortilhengar.
Så er det alltid slik i slutten av ein valkamp at ein sit att med så mange saker ein skulle ynskt ein hadde fått betre fram. Her nokre døme:
- Korleis regjeringa i månadsvis kunne greie å ikkje oppdage at Brexit ville gje bilar med norskproduserte batteri auka toll.
- Høgre sin plan om 3-6 kommunar i Rogaland.
- Ikkje fått brukt infoen om at Frp krevde inn 69,4 milliardar i bompengar. Eller at avgiftene etter 8 år med borgerlig styre er høyere enn da de overtok.
- Ikkje fått nok fokus på situasjonen for politi, HV08 og beredskap i fylket vårt.
- Ikkje fått til nok debatter om kommuneøkonomi og korleis stram økonomi virker inn på tenestetilbodet i skule og omsorg.
- Ikkje fått til smell om at regjeringa sit på ein plan for gjødsel i landbruket som kan gjera at ein må slakte ned dyretalet i Rogaland.
Men: Sånn er det alltid. No vert det innspurt og stands rundt omkring i dag. Har du spørsmål fordi du er i tvil så send dei til meg i messenger.
No ser det ut til å bli eit skifte. Då vil det vera viktig med eit sterkt Senterparti. Husk me vil ha vekk den sentraliserande Solberg-regjeringa og at me garanterer at me ikkje skal i regjering med Rødt og MdG.
Så same koss det går på måndag: Eit sterkt Senterparti vil alltid vera rett og viktig at Rogaland får to representanter frå Senterpartiet som kan jobbe for fylket.
Postet:
2021-09-11 08:25:41