Person / Aktør:
Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Parti: SP

Innlegg:
Min appell på LO/NNN sin politiske markering på Tårnplass i dag: Gode venner! 🍀Høstens val blir viktig. Stortingsvalet blir eit retningsval for landet. Får Høgreregjeringa fornya tillit, vil mange ting bli umogleg å rette opp. 8 år er nok. Norge treng ein ny kurs. 🍀Vi treng ein annan politisk retning , der vi slår ring rundt velferdsstaten vår. Der vi stoppar regjeringas politikk for sentralisering, privatisering og EU- tilpassing. Der vi stoppar regjeringas politikk for forskjells- Norge, eit todelt helsevesen og større geografiske skilnader. 🍀Vi står framleis i ein pandemi. At Norge har kome godt ut av denne helsekrisa skuldast ikkje at den har vore godt håndtert. Den skuldast vår gode samfunnsmodell. Med eit sterkt offentleg helsevesen for alle. Ein sterk offentleg sektor. Eit samfunn der vi har tillit til kvarandre og til myndigheitene. Denne tilliten skal vi ikkje ta for gitt. 🍀Pandemien synliggjorde omfattande bruk av deltid i norsk helse- og omsorgstjeneste, så stor at den i seg sjølv var ein fare for smittesituasjonen. 7 av 10 tilsette i norsk eldreomsorg jobbar deltid. Ein av fire helsearbeiderarar i kommunane har fleire arbeidsforhold. Dette er ikkje berre eit problem for den enkelte helsearbeidar. Det er eit problem for kvaliteten og for landets beredskap i kriser. 🍀Koronakommisjonen rapport viser at vi må tenke annleis i åra framover. Vi må gå frå «just- in- time» tankegang, profitt og trua på at ein kan kjøpe alt for pengar, til å tenke samfunn, tryggheit og langsigtigheit. Det heiter beredskap. Det gjeld vår matvareberedskap, vår helseberedskap, nasjonens tryggheit i kriser. 🍀Denne debatten går rett inn i Senterpartiets grunnleggande samfunnsverdiar og politikk. For tjenester nær folk, geografisk og sosial utjamning og arbeidsplassar i heile landet. 🍀For koronapandemien har vist oss kor sårbar samfunnet vårt er. Vi er avhengige av import av arbeidskraft, også for kritisk viktige område. Vi utdannar ikkje meir enn halvparten av legane som landet treng. Men det gjeld ikkje berre helsepersonell. Det same gjeld for malarar, murarar, sveisarar, slaktarar, sjåførar og tømrarar m.m. 🍀Senterpartiet vil erstatte EØS- avtalen med ein handels- og samarbeidsavtale med EU. Nettopp for å få på plass ein regulert arbeidsinnvandring, der vi sikrar norske lønns- og arbeidsbetingelser og konkurranse på like vilkår. Senterpartiet meiner at Norge må styre arbeidsmarknadspolitikken, ikkje EU. Norsk arbeidslovgivning , norske tariffavtalar må sjølvsagt ha forrang foran EU- retten. 🍀Senterpartiet vil at Norge skal ha nasjonal kontroll over kraftpolitikken, og ikkje la den bli styrt av EU. Vi seier nei til ACER. Senterpartiet vil at Stortinget skal styre jernbanepolitikken, og vi seier nei til EUs jernbanedirektiv og privatisering og oppsplitting av norsk jernbane som følger. 🍀Vi vil sikre folkestyre av norske sjukehus, og vi vil erstatte helseforetaksmodellen med ein helseforvaltningsmodell med folkevalgt styring. 🍀Ei ny regjering i Norge må ha som viktigaste jobb å ta ansvar for at Norge når måla i Parisavtalen, og føre ein klimapolitikk som gjer at utsleppa går ned utan at skildnadene i Norge aukar. Ei ny regjering i Norge må rette opp i usosiale kutt, som brillestøtte til barn og barnetillegg for uføre. 🍀Ei ny regjering i Norge må sikre kommuneøkonomien, sikre retten til heiltid og forby bemanningsbransjen ( ved å fjerne ‘ §14-12-2 i arbeidsmiljølova). Ei ny regjering må fjerne den generelle adgangen til midlertidig ansettelser. 🍀Ei ny regjering må sikre ei samfunnsutvikling med tenester nær folk, små skildnader og levende lokalsamfunn. Eg vil avslutte med eit dikt, som viser fram til over valdagen mandag: Vi er på sporet Vi er på sporet. Etter en ny og bedre virkelighet Som ikke finnes så langt herfra Den ligger forhåpentligvis i nærheten av det hjertet forstår ,(av Kate Næss, fra Blindgjengerne, 1969) Godt val!! Kjersti Toppe

Postet:
2021-09-09 23:28:34

Delt innhold: