Person / Aktør:
Guri Melby
Guri Melby
Parti: V

Innlegg:
Alle elevar skal ha moglegheit til å bruke det skriftspråket dei vil, den retten skal ikkje lenger stoppe ved utgangen av sjuande klasse. Vi vil innføre retten til å gå i ei eiga nynorskklasse også på ungdomsskulen. I dag gjeld denne retten berre i barneskulen. Det vil seie at elevane kan velje mellom ei gruppe der dei skal ha alle timane med dei same elevane eller ei eiga gruppe berre i nynorskundervisninga. Det kjem an på kor stor gruppa er og organiseringa. Dette er ein veldig tydeleg rett til å få bruke det skriftspråket du har. At læraren skriv på tavla på di målform, gjer det lettare for deg å halde på språket. Eg håper det vil føre til at fleire elevar vel å bruke nynorsk som hovudmål i ungdomsskulen òg. Målet er å styrke rettane til elevane, men også å styrke det norske språket. Det er positivt både for elevar som brukar bokmål og nynorsk! Fridom til å lære på nynorsk - også på ungdomsskulen!

Postet:
2021-08-25 18:15:00

Delt innhold:
Ny opplæringslov skal sikre eigne nynorskklassar òg i ungdomsskulen
Torsdag 26. august sender regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring. – Eg håper det vil føre til at fleire elevar vel å bruke nynorsk som hovudmål òg i ungdomsskulen. Målet er å styrke rettane til elevane, men òg å styrke det norske språket. Eg ser på det som positivt både ...