Person / Aktør:
Marit Knutsdatter Strand
Marit Knutsdatter Strand
Parti: SP

Innlegg:

Postet:
2021-07-11 21:10:39

Delt innhold:
Denne karen har lagt tubaen på hylla, men spelar fele og er aktivt medlem i Sør-Fron Spelemannslag. 🎻 Her kan du bli betre kjent med Asbjørn Stensrud på 8.plass på lista vår! 🍀 Asbjørn er frå Harpefoss i Sør-Fron kommune og er busett på Lillehammer. Han jobbar i Statens vegvesen og har blant anna ansvar for drift av riks- og europavegnettet i Oppland. -Det er givande å vera med å bidra til at folk kjem seg mest mogleg trygt og sikkert fram på vegnettet. Kva er dei viktigaste grunnane til at du vil stå på lista til årets val? -Eg vil vera med å bidra til at vi får eit regjeringsskifte. Eg er sterkt ueinig i den politikken som dagens regjering gjennomfører, ikkje minst når det gjeld sentralisering. 👷‍♀️ -Eg er opptatt av at vi skal utvikle og bo i heile landet. Da må vi ha ei regjering som vil investere i heile landet. Senterpartiet står for ein slik politikk og derfor er eg medlem i Senterpartiet.🍀 -Vi må ha ei omstrukturering av landbrukspolitikken slik at vi sikrer aktivt landbruk i heile landet og auker sjølvforsyninga vår. Eit sterkare tollvern på landbruksvarer og ei betre fordeling av innteninga i verdikjeda meiner eg er viktig grep. Det er tre mektige daglevarekjeder i Norge som har for stor makt og som tek for mykje av innteninga i verdikjeda. 💪 Vi ynskjer Asbjørn lukke til og riktig god sommar! Legg inn di helsing til han i kommentarfetlet! 🍀