Person / Aktør:
Marit Knutsdatter Strand
Marit Knutsdatter Strand
Parti: SP

Innlegg:
Senterungdom opp og fram! Veterinærstudent med politisk teft frå Vang i Valdres;

Postet:
2021-07-19 15:30:52

Delt innhold:
Bergljot er ein badeglad veterinærstudent og kandidat ved Stortingsvalet i haust. 🍀 Ho skal på køyretur i Gudbrandsdalen neste veke. Kva rute og stopp vil du anbefale? 🚕💁‍♀️ Her kan du bli litt betre kjent med Bergljot!🍀 Bergljot Oldre er frå Vang, men bur i Oslo. Ho studerer til veterinær ved NMBU og er fylkestingsrepresentant for Sp i Innlandet fylkeskommune. -Det er spanande å kunne kombinere medisinfaget med så mange ulike dyr så eg trivst godt med det! På fylkestinget skjer det mykje som det er interessant å få innblikk i, og væra med å drifte fylkeskommunen - då spesielt vidaregåande skule. Ho har aldri tvila på at Senterpartiet var partiet for ho: -Senterpartiet har ein politikk som er gunstig for både bygd og by, der hovudkjerna er at alle skal ha like muleheite uavhengig av kvar ein bur. Hjertesaken min er å føre ein politikk som føre te at ungdommar har moglegheiter til å bli på heimplassen sin/ fløt heimatt etter endt utdanning! Kva skal du i sommar? -I sommar skal eg heimatt frå asfaltjungelen og reise på stølen for å mjølke kyrne våre! Og eg skal på tur i Gudbrandsdalen og vil ha tips om stopp! Har du eit ferietips til andre? -Dersom DU ikkje veit kva du skal i sommar så vil eg anbefale å ta turen til Eidsbugarden! Fin base for både fjelltura og andre aktivitetar. Kan gå på Uranostinden, som er blant dei flottaste fjella me har i Norge! Vi ynskjer Bergljot riktig god sommar! ☀️☀️