Person / Aktør:
Kunnskapsdepartementet (Norge)
Kunnskapsdepartementet (Norge)

Innlegg:
– Vi må vere sikre på at eksamen er rettferdig. Det kunne vi ikkje vere sikre på no. Difor avlyser vi, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby. Munnleg eksamen for elevar på 10. trinn, Vg3 og påbygg blir avlyst. Tysdag hadde Melby eit møte med fylkeskommunane, og i etterkant henta departementet inn informasjon om korleis smittesituasjonen er rundt om i landet. – Slik eg har sagt heile tida så har vi følgt med på smittesituasjonen, og dei siste tala viser at det er såpass mange smitteutbrot og elevar i karantene at det i sum ikkje er forsvarleg med munnleg eksamen, seier Melby. #koronanorge

Emneknagger:

Postet:
2021-05-27 15:15:41

Delt innhold:
Melby om munnleg eksamen