Person / Aktør:
Jon Georg Dale
Jon Georg Dale
Parti: FRP

Innlegg:
I dag har eg min siste dag i Stortinget etter å ha hatt ulike verv og roller i dette huset i snart 12 år. Sjølv om mitt siste innlegg vart fylt av meir kjensler enn eg eigentleg likar å vise, vil eg med dette innlegget også sende ei takk til alle som har fulgt meg, og heia på meg inne på denne facebooksida. Det har betydd mykje. Den viktigaste takka sender eg likevel til alle dykk som har gitt meg det mest dyrebare vi har, nemleg vår stemme ved val. Eg håper du vil høyre dette innlegget som eg brukte på ei kort oppsummering og takk for privilegiet det har vore å få være ei stemme i Stortinget på vegne av dykk alle.

Postet:
2021-06-18 15:58:28