Innlegg:
No må alvorleg talt Kristeleg Folkeparti og Olaug Bollestad skjerpe seg. Når Stortinget tek ansvar og sørger for at pelsdyrbøndene får ei skikkeleg erstatning så er KrF (og Høyre og Venstre) sin reaksjon å sende ut ein statssekretær som skal "offe og øye" seg over at dette blir dyrt og at det vil ta lang tid.
Eg vil minne KrF om at dette næringsforbudet er det ingen i landbruket eller pelsdyrnæringen som har bedt om. Dette er eit resultat av ein "test" for å sjekke ut forhandlingsviljen under regjeringsforhandlinger - eller en morgengave til Venstre som det også er blitt kalt. Prislappen på dette burde de ha rekna på før dere stemte for forbudet.
Og at det tek lang tid? Eg bare nevner at regjeringa har brukt over 1200 dager på å få til ei ordning som ville sende ei stor rekning til pelsdyrbøndene. I Danmark fekk dei på plass ei ordning på langt under 1200 timer.
Eg er heilt rysta over korleis Høyre og Kristeleg Folkeparti i denne saka tramper på den private eiendomsretten og næringsfriheten. Reaksjonen frå landbruksministeren er så lågmål at det både er vondt og pinleg.
Kva med å vise ei viss glede over at me no i det minste får til eit anstendig økonomisk oppgjer. Stortinget tek ansvar for ei gruppe bønder som i lang tid er blitt behandla på ein respektaus måte.
Til trass for dette verkar det på meg som om Bollestad og regjeringa meiner det er dei det er synd på i denne saken.
Sånn! Nå var det sagt.
Postet:
2021-05-28 13:42:04