Person / Aktør:
Geir Pollestad - Senterpartiet
Geir Pollestad - Senterpartiet
Parti: SP

Innlegg:
La det ikkje vera tvil: Det er Erna Solberg og Høgre sitt ansvar at me fekk eit næringsforbod mot pelsdyr i Norge. Det er Høgre og KrF som dei siste åra har hovudansvaret for at det ikkje er ordna opp i det økonomiske knytt til forbodet. No har Stortinget nok ei gong sagt kor skapet skal stå. Då ropar regjeringa på EU for å få dei til å stoppe eit anstendig økonomisk oppgjør. Her er mitt innlegg då Stortinget i juni på ny gjorde vedtak om korleis me vil regjeringa skal opptre i denne saka: Geir Pollestad (Sp) [15:58:38] (leiar for komiteen): Saksordføraren – og innstillinga – gjer godt greie for utmålingsreglar, prosessuelle reglar, tekniske berekningar og forskjellig anna. Eg har lyst til å snakka om det denne saka handlar om, nemleg om folka – om nokre ganske fine folk som ein har vorte kjent med i denne prosessen. Dei som dreiv, arbeidde og gjorde ein skikkelig innsats for samfunnet, vart ofra i eit uverdig politisk spel på Jeløya. Utan førevarsel, eitt år etter at Stortinget hadde sagt at me ynskte ei berekraftig utvikling, då var det plutseleg noko anna som var viktigare: Det var makta, det var å køyra svarte bilar og å få eit parti inn i regjering. Dei tenkte dei skulle ofra ei gruppe, dei tenkte det skulle verta lite støy, dei tenkte dei kunne stikka av frå rekninga. Sånn gjekk det ikkje, for desse folka er eigentleg ganske fine. Dei fortalte historiene sine. Dei valde å stå fram. Folk fekk sympati med dei. Folk har ikkje sympati med Høgre i denne saka. Folk har ikkje sympati med Kristeleg Folkeparti i denne saka. Folk har ikkje sympati med Venstre i denne saka. Og når me ser i debatten i dag at desse tre partia går til angrep på stortingsfleirtalet, som sikrar eit minimum av verdigheit, anstendigheit og respekt for desse fine folka, vert eg trist. Senterpartiet var imot næringsforbodet. Me ynskte ei berekraftig utvikling. Me ynskjer å behandla folk i heile landet skikkeleg. Sjølv om dei er relativt få, og sjølv om dei er ei lita gruppe, ynskjer me å behandla dei som folk. Me meiner det er viktigare enn makta. Men når ein fyrst har gjort dette, er eg glad for at fire parti med veldig ulik historie i denne saka har funne saman og teke ansvar. Og kjære Høgre: Spar meg. De går på talarstolen og snakkar om ekspropriasjonsrettslege prinsipp, at det var noko de hadde vore for, men i dei fyrste rundane latterleggjorde de det; de ville ikkje ha dette. Det same gjorde Kristeleg Folkeparti, dei latterleggjorde det. Og nå er det det som er medisinen. Nei, ein bør ikkje innføra eit næringsforbod, men når ein fyrst har gjort det, må ein gjera opp for seg. Og nå er det plutseleg me, dei fire partia som tek ansvar, som burde ha rekna på det. Kanskje ein burde hatt kalkulator på Jeløya. Kanskje ein kunne gjort nokre vurderingar der. Kanskje ein ikkje hadde trengt dette. Kanskje desse folka kunne ha fortsett med det dei kan best: skaffa verdiar, eksportverdiar, til landet og ta vare på dyra sine. Kunne me ikkje berre latt dei få lov til det? Og så skal me altså koma her i dag og verta angripne. Historia er: Dei får for godt betalt. Eg er sikker på at om ein spør alle desse pelsdyrbøndene: Om de hadde fått lov, ville de gått på arbeid, gjort jobben dykkar, bidrege med eksportinntekter til Noreg, eller ville de hatt den situasjonen de er komne i no? Dei ville ha jobba, dei ville ha bidrege til samfunnet. Eg har lyst til å takka dei andre opposisjonspartia for at me trass i ulikt syn har greidd å sikra verdigheit, anstendigheit og respekt i ei sak som er uverdig frå ende til annan. Regjeringa har ikkje gjort jobben sin. Dagens landbruksminister har ikkje gjort jobben sin. Landbruksministeren før det har heller ikkje gjort jobben sin. Men hovudansvarleg for dette er statsminister Erna Solberg. Det er hennar maktspel desse folka er ofra i, og ho og regjeringa burde ha teke ansvar for dette – og i alle fall gått litt stilt i dørene i dag. For dei er jo fine folk, og det var ikkje slik som dette Erna Solberg hadde tenkt. Ho hadde tenkt at det skulle vera nokre dagar med støy, og så skulle det gå over. Eg håpar at landbruksministeren forstår dette og i dag vil bruka moglegheita til å beklaga på vegner av regjeringa den prosessen regjeringa og – fram til i dag – stortingsfleirtalet har køyrt mot pelsdyrbøndene.

Postet:
2021-07-21 09:01:16